Førekomst av bakterien Campylobacter spp. i slaktekylling (2022)
I 2022 testa 106 av 2189 flokkar positivt for Campylobacter spp. Det er noko lågare samanlikna med tidlegare år.
- Kva blei undersøkt?
Blindtarmstømning frå slaktekyllingflokkar. Prøven blir teken ut av produsenten på garden. Totalt vart det teke prøvar frå 2189 flokkar frå 515 gardar.
- Tidsrom
- Mai til oktober 2022.
- Kva leita vi etter?
Bakterien Campylobacter spp.
- Kva fann vi?
106 av 2189 flokkar (4,8%) testa positivt for bakterien.
- Kven utførte oppdraget?
Slaktekyllingprodusentane, Veterinærinstituttet og Mattilsynet.
Sjå rapporten for 2022: Campylobacter hos fjørfe - overvåking (vetinst.no)