Rapport

Førekomst av bakterien Campylobacter spp. i slaktekylling (2025)

I 2025 testa 99 av 2014 flokkar av slaktekylling positivt for bakterien Campylobacter spp. Det utgjer 4,9 prosent av alle flokkar slakta i perioden mai til oktober. Dette er noko høgare enn i 2024, men blir framleis rekna som lågt samanlikna med tidlegare år.

Publisert
Kva blei undersøkt?

Blindtarmtømming frå slaktekyllingflokkar. Prøven blir teken ut av produsenten på garden. Totalt er det tatt ut 2014 prøver frå 492 gardar.

Tidsrom
Frå 1. mai til 31. oktober 2025
Kva leita vi etter?

Bakterien Campylobacter spp.

Kva fann vi?

99 av 2014 flokkar (4,9 prosent) testa positivt for bakterien.

Kven utførte oppdraget?

Slaktekyllingprodusentane, Veterinærinstituttet og Mattilsynet

Sjå rapporten for 2025: Campylobacter hos fjørfe - overvåking (vetinst.no)