Grenseverdiar for etylenoksid
Etylenoksid er ein gass som blir brukt som plantevernmiddel (fumigant) eller desinfeksjonsmiddel (biocid). Dette er ikkje tillate i EØS/EU, men blir gjort i enkelte andre land.
Etylenoksid har blitt påvist i fleire tørre matvarer som krydder, urter, tørka bønner, ris, nøtter og frø. I tillegg har det blitt funne i tilsetningsstoff og kosttilskot. Etylenoksid kan drepe blant anna Salmonella og E. coli, og det er spesielt effektivt i tørre produkt som kan vere forureina på overflata.
EU har klassifisert etylenoksid som kreftframkallande, arvestoffskadeleg og reproduksjonstoksisk. Det manglar helsebaserte referanseverdiar, og overskridingar av grenseverdiane blir alltid vurdert som akutt helsefare.
Grenseverdiar
Etylenoksid er regulert som eit plantevernmiddel, og det er fastsett grenseverdiar i plantevernmiddelrestforskrifta. Grenseverdiane er sette til det lågaste nivået som er mogleg å måle med ein akkreditert analysemetode (kvantifiseringsgrensa).
Grenseverdiane for etylenoksid omfattar også metabolitten 2-kloroetanol. Etylenoksid er veldig reaktivt og blir brote ned raskt, så det er som regel berre 2-kloroetanol som blir påvist.
Du kan finne grenseverdiane i ulike produkt/råvarer i EU Pesticide Database (food.ec.europa.eu).
Grenseverdiar for restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôr
Grenseverdiar for samansette produkt, kosttilskot og tilsetningsstoff
EU og EØS har blitt einige om ein tilrådd grenseverdi på 0,02 mg/kg for samansette næringsmiddel. For kosttilskot, inkludert kapselen, er den tilrådde grenseverdien 0,1 mg/kg. Grenseverdiane er altså fastsette ved kvantifiseringsgrensa.
Etylenoksid kan ikkje brukast til sterilisering av tilsetningsstoff, og ingen restmengder over 0,1 mg/kg skal førekomme i tilsetningsstoff. Dette følgjer av forskrift om tilsetningsstoffer til næringsmidler.
Referat frå møte i EU-kommisjonen om handtering av etylenoksid i 2021 og 2022: Ethylene oxide incident / food additive (food.ec.europa.eu)
Offentleg kontroll
Sidan det er forbode å bruke etylenoksid i EU og EØS, er det mest aktuelt å teste produkt frå tredjeland. Det blir tatt enkelte prøver for etylenoksid både som ein del av EU-koordinerte kontrollprogram og som ein del av nasjonale kontrollprogram. I Noreg skjer dette gjennom Mattilsynets kontrollprogram for plantevernmiddelrestar i næringsmiddel. I tillegg kan enkelte risikoprodukt frå bestemte tredjeland bli underlagte krav om importkontroll etter (EU) forordning 2019/1793.