Til hovedinnhold

Miljøgifter – langtidseffekter på mennesker, dyr og natur

Miljøgifter er kjemikaliar som er giftige og lite nedbrytbare. Når slike kjemikaliar blir sleppte ut i naturen, kan dei via mat og drikkevatn hope seg opp i fisk, dyr og menneske.

Publisert

Miljøgifter kan spreie seg over store avstandar med luft- og vatnstraumar og kan påverke mat som blir hausta og fanga langt frå forureiningskjeldene.

Lang tids eksponering for låge dosar kan forårsake mellom anna

  • kreft
  • skadar på arvestoffet
  • redusert evne til læring
  • forandringar i hormonbalansen
  • fosterskadar

Det er vanskeleg å seie sikkert at desse problema berre kjem av miljøgifter. Det er det totale inntaket av miljøgifter over tid som har noko å seie for helsa. Det beste rådet for å redusere inntaket av miljøgifter er å ete variert og balansert. For mange stoff og matvarer som er i handelen, er det fastsett grenseverdiar som seier kva nivå av stoffet som er tillate.

Vi deler gjerne miljøgiftene inn i

  • tungmetall og andre grunnstoff – til dømes kadmium, kvikksølv, bly og arsen
  • organiske miljøgifter – til dømes dioksin og Polyklorerte bifenyler (PCB) og bromerte flammehemmarar

Tungmetall

Tungmetall kan vi finne i fleire kjemiske sambindingar. Kvikksølv, som er eit metallisk grunnstoff, finn vi dømes i mange uorganiske og organiske sambindingar. Dei organiske kvikksølvsambindingane er spesielt giftige.

I miljøsamanheng er bly, kadmium og kvikksølv mellom dei mest problematiske tungmetalla. Desse stoffa har eigenskapar som gjer at dei kan skade både dyr og menneske, og fleire av dei kan liggje lagra svært lenge i levande vev og i miljøet.

Persistente organiske miljøgifter (POP-ar)

Kjenneteikna på persistente organiske miljøgifter er at dei er giftige, lite nedbrytbare og hopar seg opp i organismar (blir akkumulerte).

PCB og dioksin er døme på persistente organiske miljøgifter. PCB blir framstilt syntetisk, medan dioksin anten blir danna i industrielle prosessar eller ved forbrenning når klor og karbon er til stades. PAH, bromerte flammehemmarar og PFOS-sambindingar er også viktige persistente organiske miljøgifter.

Miljøgifter samlar seg opp og blir lagra i organismar

Organiske miljøgifter som PCB, DDT og dioksin er feittløyselege og lite nedbrytbare og blir difor lagra i feittvevet i organismar. Stoff som ikkje er feittløyselege, blir lagra i anna vev eller i andre organ. PFOS-relaterte sambindingar kan til dømes binde seg til protein i blod og kan hope seg opp (bli akkumulerte) i levra og galleblæra. Kadmium blir lagra i nyrene og kan gi kroniske nyreskadar. Metylkvikksølv blir lagra i nyrene og i hjernen. I pattedyr blir bly akkumulert i skjelettet og i blautvev.

Vi kan finne miljøgifter i enda høgare konsentrasjonar i dyr på toppen av næringskjeda enn i dyr som er lågare i næringskjeda.

Miljøgifter kan overførast til neste generasjon

I tillegg til at vi kan finne konsentrasjonar av miljøgifter i næringskjeda, kan miljøgiftene overførast frå generasjon til generasjon – foster kan få dei via morkaka, og barn som diar, kan få dei gjennom morsmjølka.

I tillegg kan arvematerialet i kjønnscellene bli skadde, slik at seinare generasjonar får skadar (arvestoffskadar).

Kor mykje miljøgifter toler vi før vi blir sjuke?

Det er gjort mange undersøkingar av korleis vi blir påverka av miljøgifter gjennom maten vi et. Mesteparten av kunnskapen kjem frå forsøk med dyr. På bakgrunn av kunnskap om verknadene og kor mykje gift vi toler utan at det blir påvist effektar, har ekspertkomitear fastsett tolerable inntaksverdiar for mange stoff. Desse verdiane beskriv den mengda av ulike stoff eit menneske kan ete kvar veke (TWI) eller dag (TDI) gjennom heile livet utan at det skader helsa.

Les mer: Folkehelseinstituttet: Miljøgifter og helse i Norge

Se videoen under fra EUs mattrygghetsorgan, EFSA om kjemisk forurensning i mat.