Til hovedinnhold

Dioksin og PCB

Inntak over lang tid kan føre til nedsett immunforsvar, redusert fruktbarheit, auka risiko for å utvikle kreft og endringar i hormonbalansen. Foster og spedbarn er mest utsette for skadar. Dei høgaste nivåa av dioksin og dioksinliknande PCB finn vi i feit fisk, fiskelever og brunmat i krabbe.

Publisert
Ørret fra visse innsjøer kan inneholde for mye dioksiner og PCB. Foto: Mattilsynet (Kai Myhre)
Ørret fra visse innsjøer kan inneholde for mye dioksiner og PCB. Foto: Mattilsynet (Kai Myhre)

Dioksin er organiske miljøgifter som inneheld klor. Desse giftene har ikkje vore framstilte bevisst, men kan dannast i forbrenningsreaksjonar der klor er til stades, som til dømes ved fyring i bustader, brenning av avfall, vulkanutbrot og skogbrannar, og i ulike industrielle prosessar med høg temperatur, til dømes i metallurgisk industri. I tillegg blir det danna dioksin under produksjon av klorerte kjemikaliar og ved klorbleiking av papirmasse.

PCB er industrielt framstilte gifter

PCB (polyklorerte bifenylar) er ei anna gruppe organiske miljøgifter. Desse giftene er blitt framstilte industrielt til bruk i mellom anna elektriske transformatorar og kondensatorar, hydrauliske system, skjereoljar, smøremiddel, maling, isolerglas og til å mjukne plast. Det finst to typar PCB – dei som liknar på dioksin (dioksinliknande PCB) og dei som ikkje gjer det (ikkje-dioksinliknande PCB). Av desse to typane er dei dioksinliknande dei klart giftigaste.

Stoffa er feittløyselege, og det er difor hovudsakleg frå feitthaldige næringsmiddel vi får i oss desse miljøgiftene. Om vi får i oss mest frå kjøtt, mjølk eller fisk, er avhengig av korleis kosten vår er sett saman.

Foster og spedbarn er mest utsette for skadar

Foster og spedbarn er spesielt utsette for skadar fordi stoffa blir overførte frå mora til barnet under svangerskapet og gjennom morsmjølka. Stoffa blir brotne svært sakte ned og hopar seg dermed opp i kroppen. Difor vil kosthaldet den gravide har hatt gjennom heile livet, verke inn på nivået fosteret blir utsett for under svangerskapet og gjennom morsmjølka. For å verne fosteret best mogleg, bør jenter og kvinner få i seg minst mogleg dioksin og PCB i løpet av livet, heilt til den siste graviditeten og ammeperioden er over.

Advarsler og råd til forbrukere

På grunn av at dioksin og PCB blir transporterte med vind og havstraumar, finn vi desse stoffa i fisk og dyr også i område langt frå forureiningskjeldene.

Lever frå magre fiskeslag frå industrinære område er det næringsmidlet som inneheld mest dioksin og PCB. I kosttilskot av fiskeoljar, som til dømes tran, er desse stoffa reinsa vekk.

Grenseverdiar

Det er fastsett øvre grenseverdiar for dioksin og PCB i fleire matvaregrupper. I tillegg har Mattilsynet gitt kosthaldsråd for fisk og skaldyr frå ei rekkje norske hamner, fjordar og innsjøar som har vore påverka av lokale utslepp. 

Kilde: Folkehelseinstituttet - Dioksiner og dioksinlignende PCB (fhi.no)