Rapport

Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2019

Mattilsynet utfører årleg offentleg kontroll av plantevernmiddelrestar i næringsmiddel. I 2019 blei det analysert 1105 prøver av ferske, frosne eller foredla matvarer i overvakingsprogrammet. Det var ingen funn over grenseverdi i norske prøver.

Publisert
Hva ble undersøkt?

Ferske, frosne og prosesserte matvarer.

Tidsrom
2019
Hva lette vi etter?

Restar av 350 ulike verksame stoff frå plantevernmiddel.

Hva fant vi?

Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt.

  • Det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 23 prøver (2,1 %). Av desse blei 14 prøver (1,3 %) karakteriserte som overskridingar. To av prøvene med overskridingar kom frå EU/EØS-land, mens dei resterande 12 prøvene kom frå land utanfor EU/EØS.

  • I det totale overvakingsprogrammet (utan økologiske produkt) blei det for frukt påvist restar av plantevernmiddel i 80 % av prøvene, og 2,3 % (7 prøver) hadde funn over grense-verdi. Av desse blei fire av prøvene karakteriserte som overskridingar.

  • For bær blei det påvist restar av plantevernmiddel i 74 %. Det var ingen funn over grenseverdi.

  • For grønsaker blei det påvist restar av plantevernmiddel i 48 % av prøvene, og 2,0 % (10 prøver) viste funn over grenseverdi. Av desse var 5 prøver overskridingar.

  • For urter blei det påvist restar av plantevernmiddel i 50 % av prøvene, og 15 % (3 prøver) inneheldt funn over grense-verdi, som også blei definert som overskridingar.

Hvem utførte oppdraget?

Mattilsynet og NIBIO

Fil
Rapport_ Overvåkingsresultater for plantevernmidler i næringsmidler 2019