Rapport

Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2023

Innhaldet av plantevernmiddelrestar i mat på den norske marknaden er lågt. I 2023 var det ei halvering i talet på overskridingar samanlikna med 2022, viser overvakinga frå Mattilsynet.

Publisert
Kva blei undersøkt?

978 prøver av ferske, frosne og foredla matvarer.

140 prøver av økologiske produkt.

I den EU-koordinerte delen av kontrollprogrammet blei det analysert 12 prøver av kvart produkt av vareslaga: appelsinar, blomkål, tørka bønner, gulrot, kepaløk, kiwi, matpotet, pære, ris, rug/rugmjøl, feitt frå fjørfe og lever frå storfe. Det blei også analysert 10 prøver av barnemat (morsmjølkerstatning og tilskotsblanding).

Prøveuttaket var ganske likt fordelt mellom produkt frå Noreg, EU og tredjeland. 

Tidsrom
2023
Kva leita vi etter?

Restar av plantevernmiddel.

Vegetabilske produkt og nokre animalske produkt blei analyserte for 379 stoff ved bruk av to multimetodar. Nokre prøver blei analyserte med spesialmetodar, der det berre blir lett etter eitt eller nokre få plantevernmiddel (totalt 61 stoff).

Kva fann vi?

Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt.

  • Det var ingen overskridingar i norske produkt, animalske produkt eller barnemat.
  • Det var ei halvering i talet på overskridingar samanlikna med 2022. 
  • Det var flest overskridingar i produkt som er importerte frå tredjeland.
  • Fem prøvene med overskridingar blei vurdert å kunne medføre akutt helsefare for forbrukar. Alle produktparti var frå tredjeland. To prøver av tørka bønner frå Tyrkia, éi prøve av tørka bønner frå Madagaskar, éi prøve av bordoliven i lake frå Jordan og éi prøve av rosiner frå Iran. I fire av desse prøvene blei det påvist klorpyrifos og i én prøve blei det påvist etylenoksid. Desse stoffa er ikkje godkjente som plantevernmiddel i Noreg og EU.
  • Mat dyrka i Noreg inneheld gjennomgåande færre restar av plantevernmiddel enn produkt frå andre land. For norske produkt var det ikkje funn i 68 % av prøvene, mot høvesvis 39 % for prøver frå EU og 41 % for prøver frå tredjeland.
Kven utførte oppdraget?

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Fil
Overvåkingsresultater for plantevernmiddelrester i næringsmidler 2023