Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2024
Resultata frå overvaking i 2024 viser ein auke i talet på overskridingar samanlikna med tidlegare år. Norske matvarer har framleis langt færre overskridingar av restar av plantevernmiddel enn importerte produkt.
- Kva blei undersøkt?
1122 prøver av ferske, frosne og foredla matvarer.
141 prøver av økologiske produkt.
Overvakingsprogrammet består av to delar, nasjonalt kontrollprogram og EU-koordinert kontrollprogram. Som del av EU-koordinert kontrollprogram blei det analysert 12 prøver av kvart produkt av vareslaga aubergine, bananar, brokkoli, dyrka sopp, grapefrukt, kveite/kveitemjøl, melon, olivenolje, paprika, etedruer, storfefeitt og hønseegg og dessutan 10 prøver av kornbasert barnemat
Prøveuttaket var ganske likt fordelt mellom produkt frå Noreg, EU og tredjeland.
- Tidsrom
- 2024
- Kva leita vi etter?
Restar av plantevernmiddel.
Vegetabilske produkt blei analyserte for 381 stoff ved bruk av to multimetodar. Animalske produkt blei analyserte for 39 stoff. Nokre prøver blei i tillegg analyserte med spesialmetodar, der det berre blir lett etter eitt eller nokre få plantevernmiddel (totalt 54 stoff).
- Kva fann vi?
Talet på overskridingar var i 2024 høgare enn tidlegare år og andel overskridingar var meir enn dobbelt så høgt som i 2023. Det var som tidlegare år flest overskridingar i produkt som er importerte utanfor EØS-området.
Mat dyrka i Noreg inneheld gjennomgåande færre restar av plantevernmiddel enn produkt frå andre land. For norske produkt var det ikkje funn i 58 % av prøvene, mot høvesvis 35 prosent for prøver frå EU og 27 prosent for prøver frå tredjeland. Resultata viser at det er låge nivå av plantevernmiddelrestar samanlikna med grenseverdiane og at eksponering for restar derfor sjeldan utgjer ein akutt helsefare for forbrukar.
Totalt blei det påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 4,6 prosent (52 prøver) og av desse prøvene inneheldt 3,3 prosent (37 prøver) overskridingar. Av desse var 30 prøver frå tredjeland, seks frå EU og ei prøve frå Noreg.
Av produktparti med overskridingar som blei vurderte å kunne medføre akutt helsefare for forbruker, var eitt frå EU og 15 frå tredjeland.
Resultata viser at nivåa av plantevernmiddelrestar i mat generelt er låge.
- Kven utførte oppdraget?
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
- Fil
- Rapport overvåkingsresultater for rester av plantevernmidler i næringsmidler 2024