Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2016
Nivået av plantevernmiddel i mat er generelt lågt og det er påvist få overskridingar. Dette tilseier at maten er trygg å ete med dei målte nivåa av plantevernmiddel. Det har likevel vore ein auke av talet på overskridingar frå 2015 til 2016.
- Kva blei undersøkt?
- 1326 prøver av ferske, frosne eller foredla matvarer.
- Dette omfatta 111 ulike vareslag av frukt, grønsaker, barnemat, animalske produkt, korn/ris og andre næringsmiddel frå 57 ulike land.
- Tidsrom
- 2016
- Kva leita vi etter?
Restar av plantevernmiddel, og funn av plantevernmiddelrestar over dei fastsette grenseverdiane i dei undersøkte næringsmidla.
- Kva fann vi?
- Det blei funne plantevernmiddel over grenseverdi i 45 prøver (3,4 %). 31 av desse var frå land utanfor EU.
- Etter at analyseusikkerheita blei trekt frå, blei 28 av desse 45 prøvene (2,1 %) rekna som overskriding.
- I to prøver av norske jordbær blei det påvist overskriding av tolylfluanid. Begge prøvene var produserte på same gard og plantevernmiddelet var brukt ulovleg. Dette førte til at lisensen for å kunne bruke sprøytemiddel blei trekt tilbake for to år.
- Det blei påvist restar av fleire enn eitt plantevernmiddel i 35 % av prøvene. Av norske produkt var det tre prøver av jordbær med restar av sju ulike plantevernmiddel.
- Det blei ikkje påvist restar av plantevernmiddel i prøver av barnemat og i prøver av animalsk opphav.
- Det blei ikkje påvist glyfosat i rugprøver.
- Det blei analysert 111 prøver av økologiske produkt.
- Det blei påvist funn av spinosad i salat frå Spania og spinat frå Italia. Spinosad er eit godkjent verkestoff i økologisk produksjon.
- Det blei også påvist funn av benzalkonium klorid (BAC) over gjeldande grenseverdi i ei prøve av salat frå Italia.
Talet på overskridingar er høgare i 2016 enn dei siste åra, men ein viss variasjon frå år til år reknar Mattilsynet for å vere normalt. Vi vil likevel følge utviklinga for å sjå om auken frå 2015 til 2016 er av tilfeldig karakter.
- Kven utførte oppdraget?
Mattilsynet og NIBIO
- Fil
- Rapport_ Rester av plantevernmidler 2016