Rapport

Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2020

Mattilsynet utfører årleg offentleg kontroll av plantevernmiddelrestar i næringsmiddel. I 2020 blei det analysert 1107 prøver av ferske, frosne eller foredla matvarer i overvakingsprogrammet. Det var to funn over grenseverdi i norske prøver.

Publisert
Kva blei undersøkt?

Ferske, frosne og prosesserte matvarer.

Tidsrom
2020
Kva leita vi etter?

Restar av 353 ulike verksame stoff frå plantevernmiddel.

Kva fann vi?

Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt:

  • Det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 27 prøver (2,4 %). Av desse blei 17 prøver (1,5 %) karakteriserte som overskridingar.
  • To av prøvene med overskridingar kom frå Noreg (kruspersille og stongselleri), mens éi prøve av pærer og éi prøve av sharon-frukt kom frå EU/EØS-land. Dei resterande 13 prøvene (tørka bønner, klementinar, pasjonsfrukt, ris, te, timian og tomat) var importerte produkt frå tredjeland.
  • I det totale overvakingsprogrammet (utan økologiske produkt) var vel 50 % av prøvene utan plantevernmiddelrestar. 
  • For frukt blei det påvist restar av plantevernmiddel i 70 % av prøvene.
  • For bær blei det påvist restar av plantevernmiddel i 89 %. Det var ingen funn over grenseverdi.
  • For grønsaker blei det påvist restar av plantevernmiddel i 45 % av prøvene.
  • For urter blei det påvist restar av plantevernmiddel i 42 % av prøvene.
  • I økologiske produkt blei det påvist restar av plantevernmiddel som ikkje er tillatne å bruke i økologisk produksjon i to av 167prøver.
  • I barnemat blei det ikkje påvist restar av plantevernmiddel.
  • I animalske produkt (feitt frå fjørfe og storfelever)
  • blei det ikkje påvist restar av plantevernmiddel
  • Det høgaste talet funn i ein og same prøve blei funne i rosiner frå Tyrkia. Den inneheldt restar av 15 ulike plantevernmiddel. Berekningsmodell for vurdering av fleire plantevernmiddel i ei prøve viste at prøva blei vurdert trygg å ete.
  • Hausten 2020 blei det funne høge verdiar av etylenoksidinnhald i sesamfrø importert frå India. Dette førte til tilbaketrekking/ tilbakekalling av store mengder sesamfrø og produkt der sesamfrø har vore brukt.
  • Rapporten er utarbeidd av Mattilsynet og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), juni 2021.
Kven utførte oppdraget?

Mattilsynet og NIBIO

Fil
Rapport - Plantevernmidler i næringsmidler 2020