Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2021
Mattilsynet utfører årleg offentleg kontroll av plantevernmiddelrestar i næringsmiddel. I 2021 blei det analysert 1107 prøver av ferske, frosne eller foredla matvarer i overvakingsprogrammet. I tillegg blei det analysert 119 prøver av økologiske produkt. Det var ingen funn over grenseverdi i norske produkt.
- Kva blei undersøkt?
1107 prøver av frukt, grønsaker, bær, andre vegetabilske produkt, inkludert foredla produkt og animalske produkt frå landdyr. 119 prøver av økologiske produkt.
- Tidsrom
- 2021
- Kva leita vi etter?
Vegetabilske produkt blei analyserte for 367 stoff (plantevernmiddelrestar og metabolittar) ved bruk av to multimetodar. I tillegg blei enkelte av prøvene analyserte med spesialmetodar der det berre blir søkt etter eitt eller nokre få plantevernmiddel (totalt 58 stoff). Totalt blei det analysert for 425 ulike stoff i vegetabilske produkt.
- Kva fann vi?
Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt:
- Det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 39 prøver (3,5 %). Av desse blei 24 prøver (2,2 %) vurderte til å vere overskridingar etter korrigering for måleusikkerheit.
- Ingen funn over grenseverdi i norske produkt.
- 68 % av prøvene av norske produkt var heilt utan funn av plantevernmiddelrestar. 35 % av prøvene frå EU/EØS var utan funn, og 30 % av prøvene frå resten av verda.
- Overskridingane av grenseverdi var i appelsinar, bladpersille, bringebær, tørka bønner, chilipepar, fersken, kveitemjøl, kirsebær, litchi, mandarinar, pomelo, ris, spinat, stjernefrukt og vårløk.
- I to økologiske produkt blei det funne restar av plantevernmiddel som ikkje er tillatne å bruke i økologisk produksjon. Det var éi overskriding av grenseverdi for klorpyrifos i eit parti økologiske sesamfrø, som blei vurdert å kunne medføre akutt helsefare for forbrukar. Det andre funnet blei vurderte å komme av uunngåeleg forureining, og var derfor ikkje var eit brot på økologiregelverket.
- Kven utførte oppdraget?
NIBIO
- Fil
- Rapport - Plantevernmiddelrester i næringsmidler 2021