Faktaartikkel

Koliforme bakteriar i drikkevatn

Publisert 19.03.2021     Sist endret 19.03.2021

Dette er koliforme bakteriar

Koliforme bakteriar er ei stor gruppe bakteriar, der mange kan vekse både i vatn og jordsmonn, og i tarmen hjå dyr og menneske. Viss dei blir påvist i drikkevatn, er dei eit teikn på endring i den mikrobiologiske vasskvaliteten. E. coli den einaste arten koliforme bakteriar med eit spesifikt krav å analysere for i drikkevatn. Den kan berre overleve i tarmen til varmblodige dyr, og er – saman med intestinale enterokokkar – ein sikker indikator på avføring frå menneske eller dyr.

Drikkevassforskrifta krev kontroll av om drikkevatnet inneheld koliforme bakteriar. Bakteriane kan tyde på at vatnet er forureina, eller at reinsinga ikkje fungerer. Her finn du som er vassverkseigar informasjon om koliforme bakteriar i drikkevatn.

Folkehelseinstituttet (FHI) har, på oppdrag frå Mattilsynet, vurdert kva for tyding det kan ha å finne koliforme bakteriar i drikkevatn. Dei har mellom anna sett på om det er naudsynt å kjenne arten, og gjev nokre generelle tilrådingar til vurdering av tiltak. Mattilsynet tilrår å bruke dette som eit utgangspunkt ved funn av koliforme bakteriar.

FHI sine konklusjonar

  • Funn av koliforme bakteriar kan tyde på svikt i reinseanlegget, lekkasjar, eller vekst av biofilm i distribusjonssystemet.
  • Koliforme bakteriar er ikkje eigna som indikator for å avgjere om ei forureining kjem frå avføring.
  • Det har inga hensikt å artsbestemme koliforme bakteriar vidare. Kunnskap om arten gjer det ikkje mogleg å avgjere om bakteriane kjem frå avføring eller miljø. Det er berre E. coli som heilt sikkert tyder på forureining frå avføring.
  • Funn av koliforme bakteriar må utløyse tiltak for å finne tekniske eller operasjonelle avvik.
  • Varsel til abonnentane om å koke vatnet er sjeldan naudsynt etter sporadiske funn av koliforme bakteriar. Det kan vere riktig om situasjonen er uoversiktleg, eller om det er mistanke om at vatnet er forureina av avføring.

Mattilsynet understrekar at laboratoriet må følgje standardane for analyser som er oppgjeve i drikkevassforskrifta. Drikkevassforskrifta krev òg at vassverkseigaren undersøkjer årsaka når koliforme bakteriar vert påvist, og om det kan medføre ein helserisiko. Viss det er tilfellet, skal vassverkseigaren rette avviket så raskt som mogleg.

Koliforme bakteriar kan tyde at drikkevatnet er forureina

Som regel er ikkje koliforme bakteriar i vatn eit problem i seg sjølv. Funn av koliforme bakteriar i drikkevatn kan tyde på:

  • Svikt i vassreinsinga, særleg om bakteriane er påvist i prøver som er tatt like etter reinseanlegget.
  • Forureining frå avføring eller miljøet. Anten noko som ikkje er fjerna i reinseanlegget, eller andre ting, som til dømes innsug av forureina materiale andre plassar i vassforsyningssystemet.
  • At vasskvaliteten er endra, og vidare undersøkingar for å finne årsaka kan vere naudsynt.

Tiltak ved funn av koliforme bakteriar

Ved hendingar der det blir påvist koliforme bakteriar, er det viktig å vurdere kva tiltak som er naudsynt. Artsbestemming tek tid, og er mindre viktig i handsaminga av hendingar. Det er viktigare å vurdere tiltak så fort som råd enn å kjenne arten. Det er viktig å vere sikker på at prøvesvara er korrekte, og at det ikkje kan skuldast feil i prøvetakinga eller hjå laboratoriet.

Det er ingen eintydige svar på kva tiltak som trengst, eller når dei skal settast inn. Vassverkseigaren må ta med alle kjente faktorar i vurderinga av tiltak. FHI skisserer følgjande forslag til framgangsmåte.

Funn av koliforme bakteriar i rutineprøver:

  • Kartlegg situasjonen nærare. Sjå på historiske analysedata. Kan allereie kjende feil vere forklaringa?
  • Undersøk om teknisk svikt eller driftsavvik kan vere årsaka. Kan vedlikehald eller anna arbeid forklare avviket?
  • Ved gjentekne funn kan det vere naudsynt med reingjering, til dømes spyling av rør og reingjering overflater i mellom anna basseng, for å fjerne moglege bakteriekjelder.

Funn av koliforme bakteriar etter at tiltak er sett i verk:

  • Bruk kunnskap om vassforsyningssystemet og gjer ei farekartlegging for den aktuelle hendinga. Kva er omfanget, og kva risiko kan det leie til?
  • Ta fleire prøver på andre stader for å undersøkje omfanget. Er det bakteriar også opp- eller nedstraums, rett etter vassreinsinga, eller andre stader?
  • Søk etter lekkasjar. Kan trykkfall ha gitt innsug av forureining frå grunnen?
  • Viss det er partiklar i vatnet, utan ei kjent kjelde, bør abonnentane få varsel om å la vatnet renne til det er klårt. I uoversiktlege situasjonar, eller når det er kjent at forureininga kjem frå avføring, kan det vere naudsynt med kokevarsel.
  • Ved gjentekne funn på tross av tiltak, bør ein vurdere å styrke desinfeksjonen.

Vassverkeigarar kan få hjelp og støtte hjå Nasjonal vannvakt. Tenesta vert drifta av FHI.

Hugs også å vurdere om avvik må Meldast til Mattilsynet.

Fant du det du lette etter?

Regelverk og veiledning


Regelverk og veiledning