Denne informasjonen er meint for deg som skal starte med eller driv med lokalmat / småskala matproduksjon og servering. Du finn informasjonssider om regelverket, registrering og godkjenning, skjematenesta, drikkevatn, prøvetaking, frukt, bær og grønsaker, egg og honning, kjøtt, mjølk og innlandsfisk.
Kva er lokalmat?
Med lokalmat meiner vi her matproduksjon og servering som er nær knytt til råvareprodusenten, anten på eigen gard, seter, utmark/fiskevatn eller i nærområdet. Produksjonen skal ha preg av handverk og vere av mindre omfang. Lokalmat dekkjer det som vi tidlegare har omtala som småskalamat.
Produksjon og servering av lokalmat har utfordringar som du må vere spesielt merksam på. Når det både er dyr og matproduksjon på same staden er det kort veg mellom reine og ureine område, og det kan lettare føre til forureining. Det er ofte produksjon av animalske produkt (t.d. kjøtt, mjølk) med lang haldbarheit og som har ein særskilt risiko for folkehelsa. God styring med råvarene frå eigen produksjon og god kontroll med eiga vasskjelde er viktig.
Med få personar til å fordele oppgåvene på, skal same person ha god nok kompetanse på mange område. Baserer du deg på å bruke tradisjonelle framgangsmåtar der kunnskapen er overførd mellom generasjonane, må du likevel ha nok kunnskap om grunnleggande hygiene og mikrobiologi til å kunne vurdere farane i produksjonen.
Registrer drifta di hos Mattilsynet
Før du starter med å lage mat, skal du registrere drifta di hos Mattilsynet. Nokre verksemder må og ha godkjenning. Dette gjer du elektronisk via Mattilsynet si skjemateneste. Skal du gjere vesentlege endringar i verksemda, skal du også melde dette til Mattilsynet.
Ha trygg matproduksjon
Du har ansvar for å sikre at maten er trygg. Regelverket inneheld krav som gjev føringar for trygg matproduksjon, slik at ingen blir sjuk av å ete maten. Du må gjere deg kjent med det regelverket som gjeld din produksjon. Regelverket er fleksibelt og du kan i fleire høve bestemme kva løysingar du vil ha, så lenge maten vert trygg.
For å sikre trygg mat er det viktig at du:
- har god grunnleggande hygienisk forståing
- veit kor i drifta / produksjonen det er fare for at maten kan bli utrygg / helseskadeleg
- har internkontroll for å styre farane
- gir nødvendig opplæring til dei som arbeider med mat hos deg
- har trygt drikkevatn
- har riktig utforma og utstyrte lokale
Andre stader du kan søke råd og hjelp
Du kan søke råd og hjelp hos dei fem kompetansenava som er ein del av Innovasjon Noreg si satsing på lokalmat, landbruksavdelingane hos fylkesmennene, kommunale kontor for landbruk/næring, og bransjeorganisasjonane Hanen og Norsk Gardsost.
Mer om lokalmat
Spørsmål og svar
Regelverk og veiledning
Regelverk under utvikling
-
Sist endret: 11.01.2021Endring i regler for omsetning av rå melk og rå fløte til konsum
Kontakt oss
Finn riktig region og avdeling
Mattilsynets sentralbord
telefon 22 40 00 00
Ta gjerne kontakt med ditt lokale Mattilsyn under planlegging for å få rettleiing om regelverket.
Brosjyrer, video og informasjonsmateriell
Tilsynsresultater
- 14.02.2020 2019: Tilsyn med lokalmatvirksomheter som produserer kjøttprodukter
- 11.02.2019 2018: Tilsyn med lokalmatvirksomheter som produserer melkeprodukter
- 04.04.2017 2016: Tilsyn med rakfisk og andre innlandsfiskprodukter
- 24.01.2012 2011: Tilsyn med gårdsutsalg og servering
- 02.03.2011 2010: Tilsyn med småskala innlandsfiskvirksomheter
- 01.06.2010 2009: Tilsyn med småskale kjøttprodusenter Vis alle tilsynsresultater