Faktaartikkel

Tilsynskampanje 2021: Innlandsfisk

Publisert 23.08.2021     Sist endret 23.08.2021

Mattilsynet skal hausten 2021 føra risikobasert tilsyn i verksemder som brukar innlandsfisk som råvare.  Mange av innlandsfiskprodukta er spiseferdige og blir ikkje varmebehandla av forbrukaren, og har særleg høg risiko for alvorlege sjukdomsutbrot hjå utsette grupper.

Før tilsynet sender vi ut informasjonsbrev til aktuelle verksemder.

Kampanjeperiode

1. september til 1. desember 2021.

Kven blir kontrollert

Målet er at dei fleste verksemdene får besøk og at alle rakfiskprodusentar får tilsyn.

Kva skal vi kontrollere

Ved tilsynet legg vi vekt på om verksemdene har styring og kontroll med farane i produksjonen, og korleis dei gjennomfører prøvetaking for Listeria monocytogenes.

Mattilsynet brukar ei sjekkliste som inneheld desse punkta:

  1. Råvarer – kvalitet og mottakskontroll
  2. Vatn og is – trygt vatn tilpassa produksjonen
  3. Reinhald og orden
  4. Personleg hygiene
  5. Handtering og lagring – unngå forureining
  6. Temperaturstyring – kjøling, nedkjøling, tining
  7. Prøvetaking for Listeria
  8. Farar – styring med og kompetanse om
  9. Animalske biprodukt – kartlegge handtering

Sluttrapport

Resultata frå tilsynskampanjen vert samanfatta i ein sluttrapport som blir publisert på mattilsynet.no vinteren 2022. Rapporten vil liste opp kva for verksemder vi har besøkt, men ikkje innehalde informasjon om dei einskilde verksemdene.

Fant du det du lette etter?

Publikasjoner


Publikasjoner