Tilsynskampanje 2021: Listeriatiltak i lakseslakteri

Publisert 07.01.2021     Sist endret 08.01.2021

Mattilsynet gjennomfører i 2021 ein tilsynskampanje i alle lakseslakteria der vi skal undersøke tiltak og rutinar for å hindre at fisken blir forureina med listeriabakterien. Riktige tiltak og rutinar mot Listeria er viktig sidan oppdrettslaks og -aure ofte vert eten utan varmebehandling og brukt til sushi, sashimi, røykt og grava fisk.

Målet er å kontrollere alle lakseslakteri og fartøy som slaktar laksefisk. Det kan vere aktuelt å gjennomføre ein del av kontrollane digitalt grunna koronarestriksjonar.

Kampanjen skulle vore gjennomført i 2020, men på grunn av koronapandemien vart kampanjen utsett til 2021.

Prøvetaking knytt til overvakings- og kartleggingsprogrammet Listeria i laksefisk starta opp i 2020 og vil halde fram til sommaren 2021.

Bakgrunn for kampanjen

Listerioseutbrot i EU 2018 og 2019

Listeria monocytogenes kan gje sjukdomen listeriose. Dei fleste av oss blir ikkje sjuke av bakterien, men gravide, born, eldre og personar med nedsett immunforsvar er utsette. Listeria formeirar seg ved kjøletemperatur, overlever frysing, salting og røyking, men blir drepen ved tilstrekkeleg varmebehandling.

Sidan laks og aure i stor grad blir eten utan varmebehandling, og brukt til spiseferdige produkt som sushi, sashimi, røykt og grava fisk, er det viktig at produsentane har effektive tiltak mot Listeria.

I 2018 og 2019 var det alvorlege listerioseutbrot i EU knytt til konsum av røykte, grava og marinerte fiskeprodukt. Råvarene var norsk laks og aure. Produkta vart spora tilbake til foredlingsanlegg i Polen og Estland, men det kunne ikkje utelukkast at råvarene frå Noreg var forureina. 

Mattilsynet skal rettleie og klargjere regelverk og ansvar

Det at norsk laks og aure er blitt knytt til alvorlege sjukdomsutbrot, er ein av grunnane til at Mattilsynet gjennomfører tilsynskampanjen retta mot lakseslakteria. I tillegg skal Mattilsynet rettleie meir og føre fleire tilsyn med produsentar av langtidshaldbare, spiseferdige sjømatprodukt som røykelaks.

Mattilsynet si erfaring er at norske lakseslakteri generelt har god kunnskap om mikrobiologiske farar i fisk, og at det vert arbeidd målretta med tiltak mot Listeria. Vidare er vi kjend med at det med jamne mellomrom blir påvist Listeria i produksjonsmiljøet i norske slakteri.

Gjennom kampanjen ynskjer vi å rettleie og klargjere regelverk og ansvar for lakseslakteria når det gjeld å sikre at ikkje utrygge sjømatprodukt kjem på marknaden.

Kartleggingsprogram for å få oversikt over status

Mattilsynet gjennomfører i 2020-2021 også eit overvakings- og kartleggingsprogram for å kartlegge status når det gjeld Listeria. Gjennom programmet tar vi prøver for Listeria frå alle verksemder og fartøy som slaktar laksefisk. Prøver blir tatt ved å svabre overflater av fisk, overflater av utstyr og som prøver av ferdigvare.

Ved å få betre oversikt over status når det gjeld Listeria i laksefisk, kan Mattilsynet betre bidra i oppklaring av eventuelle framtidige sjukdomsutbrot.

Isolat av positive prøvar vil bli oppbevart hos laboratoriet på Havforskningsinstituttet for eventuell framtidig heilgenomsekvensering.

Kampanjeperiode

15. januar til 1. september 2021.

Kven blir kontrollert

Alle godkjende verksemder og fartøy som slaktar laksefisk (laks, aure, røye).

Krav til slakteria

Produsentar i alle ledd har eit ansvar for at produktet som blir omsett til forbrukar er helsemessig trygt. Fersk fisk som inneheld Listeria, og ikkje blir varmebehandla før konsum, kan føre til alvorleg sjukdom hjå utsette grupper.

Mattilsynet forventar derfor at eit lakseslakteri har vurdert om produkta deira kan bli eten utan varmebehandling. Forventa bruk av produktet skal gå fram av produktspesifikasjonen som ligg til grunn for verksemda si fareanalyse.

Når Listeria er vurdert som ei potensiell fare i produktet, skal produsenten dokumentere at dei har styringstiltak som er effektive for å forebygge Listeria i produktet. Reinhald, rutinar for hygienisk produksjon og opplæring av tilsette er eksempel på slike tiltak. Vidare skal det gå fram av lakseslakteria sine prosedyrar for avviksbehandling kva tiltak dei set i verk ved mistanke om Listeria i produkta.

Det er viktig at eit lakseslakteri, som råvareleverandør til produsentar av spiseferdige næringsmiddel, har rutinar for å informere neste ledd ved mistanke om Listeria i råvarene. Dermed kan neste ledd sette i verk naudsynte tiltak for å unngå kontaminering, og for å hindre at utrygge produkt kjem på marknaden.

I mikrobiologiske kriterium for næringsmiddel  er spiseferdige næringsmiddel vurdert som utrygge dersom dei inneheld Listeria monocytogenes i konsentrasjonar over 100 kde/g ved konsum. Røykelaks er eit eksempel på eit spiseferdig næringsmiddel. Dersom eit røykeri ikkje kan dokumentere at røykelaksen vil ligge under grensa på 100 kde/g Listeria ved siste forbruksdag er kravet fråvær av Listeria (i 25 g) i produktet når det forlét verksemda.

Mange røykeri vel å fylgje grenseverdien fråvær i 25 g i ferdigvara i staden for grenseverdien 100 kde/g ved siste forbruksdag. Dette stiller ekstra strenge krav til kontroll med at råvarene som vert nytta er fri for Listeria.

Dette må de være førebudd på

Ved tilsynet blir deler av verksemda sitt HACCP-system gjennomgått, og tiltak mot Listeria vektlagt. Vi tar utgangspunkt i krav om HACCP i næringsmiddelhygieneforskrifta (artikkel 5). Sjå også rettleiar om HACCP.

Mattilsynet brukar ei sjekkliste ved tilsyn i kampanjen som inneheld desse punkta:

  1. Identifisere farar
  2. Styringstiltak
  3. Verifisering
  4. Avviksbehandling
  5. Krav til lokalar og utstyr

1.Identifisere farar

Vi vil undersøke om farar kjem fram i produktbeskrivinga i HACCP-systemet og forventa bruk av produktet.

Dersom verksemda kan forvente at produktet ikkje blir varmebehandla før konsum, må dette gå fram av produktbeskrivinga. Ut frå forventa bruk av produktet skal verksemda identifisere aktuelle farar, og etablere styringstiltak for å førebygge, fjerne eller redusere desse til eit akseptabelt nivå.

Ved tilsyn vil vi kontrollere om Listeria er vurdert som ei fare i HACCP-systemet, og kva tiltak verksemda har for å førebygge Listeria.

2. Styringstiltak

Vi vil undersøke om verksemdene har styringstiltak som vil førebygge, fjerne eller redusere til et akseptabelt nivå Listeria som ei fare. Verksemda skal kunne dokumentere at styringstiltak blir gjennomført på ein effektiv måte. Reinhald av lokale og utstyr er eit eksempel på eit slikt styringstiltak.

3. Verifisering

Når Listeria er identifisert som ein fare, må verksemdene overvake situasjonen i produksjonslokala med uttak av miljøprøver. Det er for å kunne identifisere eventuelle problemområde og sette i verk naudsynte tiltak så raskt som mogleg.

Som ein del av HACCP-dokumentasjonen skal det verifiserast at tiltak mot Listeria fungerer effektivt. Regelmessige prøver av ferdigvarer er ein måte å verifisere tiltaka på.

Ved tilsyn vil vi kontrollere om lakseslakteria har ein prøvetakingsplan som gir tilstrekkeleg overvaking av miljø, og om dei kan verifisere at tiltaka dei har mot Listeria er effektive.

4. Avviksbehandling

Ved tilsyn vil vi sjå på kva tiltak verksemda set i verk ved påvising av Listeria i prøvene. Tiltak skal gå fram av rutine for avviksbehandling. Det må inkludere korrigerande tiltak i produksjonslokala for å fjerne bakterien, og avviksbehandling knytt til mistanke om Listeria i produkt.

Dersom produkta er gått til produksjon av spiseferdige produkt, forventar vi at produsenten blir informert om påvising av Listeria. Dette for at dei skal kunne sette i verk tiltak for å hindre kontaminering av produksjonslinjene, og unngå at utrygge produkt kjem på marknaden.

5. Krav til lokale og utstyr

Vi vil kontrollere forhold som er viktige for å hindre Listeria, som reinhald, vedlikehald og utforming av lokale og utstyr, jf. punkt 2 om styringstiltak (grunnføresetnader).

Sluttrapport

Resultata frå tilsynskampanjen og overvakingsprogrammet vert samanfatta i ein sluttrapport som blir publisert på Mattilsynets nettsider mot slutten av 2021.

Rapporten vil ikkje innehalde informasjon om dei einskilde verksemdene.

 

Fant du det du lette etter?

Publikasjoner


Publikasjoner