Kunngjøring

Viktig å overvake og ha effektive tiltak mot Listeria i lakseslakteria

Publisert 30.11.2021     Sist endret 30.11.2021

Den hygieniske standarden i norske lakseslakteri er generelt sett  god. Samstundes viser Mattilsynet si prøvetaking at Listeria er til stades i både produksjonsmiljø og i låge mengder på fisk i enkelte lakseslakteri.

- Det er difor viktig at lakseslakteria kontinuerleg overvaker Listeria og til ein kvar tid har effektive hygienetiltak, seier Inge Erlend Næsset, direktør for avdeling regelverk og kontroll i Mattilsynet.

Tilsyn og prøvetaking

Mattilsynet gjennomførte i 2021 ein tilsynskampanje der 63 verksemder og fartøy som slaktar laksefisk vart kontrollert for tiltak og rutinar for å førebygge at fisken blir forureina med listeriabakterien.

Bakgrunnen var dei alvorlege listerioseutbrota som vart rapportert frå EU i 2018 og 2019. Utbrota var knytt til konsum av røykt, grava og marinert laks og aure, der råvarene var norske.

Listeria monocytogenes kan gje sjukdomen listeriose. Dei fleste blir ikkje sjuke av bakterien, men gravide, born, eldre og personar med nedsett immunforsvar er utsette. Listeria formeirar seg ved kjøletemperatur, overlever frysing, salting og røyking, men blir drepen ved tilstrekkeleg varmebehandling.

- Sidan laks og aure i stor grad blir eten utan varmebehandling og brukt til spiseferdige produkt som sushi, sashimi, røykt og grava fisk, er det viktig at produsentane har effektive tiltak mot Listeria. Mattilsynet såg difor eit behov for betre oversikt over status når det gjeld fersk laks og Listeria, fortel Næsset.

Mattilsynet tok òg listeriaprøvar frå 60 slakteri som vart analysert av Havforskningsinstituttet.

Avdekka relativt få manglar

18 verksemder fekk vedtak. Desse omhandla i hovudsak styringssystemet, inkludert fareanalyse, prøvetakingsplan og tiltak ved påvising av Listeria. Ei verksemd vart stengt på grunn av manglande reinhald og vedlikehald.

Elles vart det avdekka relativt få manglar ved dei hygieniske tilhøva ved lokale og utstyr ved verksemdene, der dette var kontrollert.

- Vårt generelle inntrykket etter kampanjen er at dei fleste lakseslakteria har god hygienisk standard, seier Næsset.

Listeria i både produksjonsmiljø og på fisk

Resultata frå analysane som Havforskningsinstituttet gjorde, viste funn av Listeria monocytogenes i 18 % av lakseslakteria, og i låge mengder på ferdigprodusert heil, sløyd fisk i 12 % av lakseslakteria.

- Om Listeria får utvikle seg på seinare prosesstrinn kan produkta medføre ein alvorleg helserisiko for utsette konsumentar. Desse funna stadfestar at det er viktig at lakseslakteria kontinuerleg overvaker Listeria, og har gjennomgåande gode rutinar for hygiene, avsluttar Næsset.

Rapport etter tilsynskampanjen: Tilsyn med listeriatiltak i lakseslakteri 2021

Rapport frå Havforskningsinstituttet: Overvakingsprogram 2021: Listeria i lakseslakteri og på laksefisk

Fant du det du lette etter?