Hygiene og plantevernmiddel i jordbær-, salat- og urteproduksjon


Publisert 07.03.2014 | Sist endret 07.03.2014
jordbær
Foto: iStockphoto

Hygienen er stort sett god hjå dei som dyrkar salat, urter og jordbær i Rogaland og Agder. Det er konklusjonen etter at Mattilsynet har vore på tilsyn hjå produsentane.

31 kommersielle jordbær-, salat- og urteprodusentar fekk tilsynsbesøk av Mattilsynet i fjor. Formålet var å kartleggja hygieniske tilhøve i produksjonen og å sjå nærare på korleis dyrkarane bruka og oppbevara plantevernmiddel.

20 av produsentane dyrka berre jordbær, sju av dei berre salat, og resten av dei dyrka ulike kombinasjonar av dei aktuelle vekstane.

Produkta som vart sett på i dette prosjektet skal etast rå. Det er difor særleg viktig med god hygiene.

Hjå om lag halvparten var alt som vart undersøkt funne i orden, medan den andre halvparten fekk pålegg om utbetringar. Det var tilhøva rundt oppbevaring av plantevernmiddel som var mest mangelfulle. Dei aller fleste har kontroll på dei hygieniske tilhøva.

Hygieneforhold

Reinhaldet på lageret var tilfredsstillande hjå dei fleste, men to produsentar fekk pålegg om å betra reinhaldsrutinene på toalett, lager og/eller utstyr. Alle hadde tilrettelagt personaltoalett, men fire av produsentane mangla utstyr til håndvask.

Vatningsvatn

Mange brukar vatn frå kommunalt ledningsnett til vatning. Dei fleste dyrkarane med privat vannforsyning orienterte om at bakterieprøvar av vatnet hadde gitt godt resultat. Fire av dei fekk pålegg om å dokumentera den mikrobiologiske kvaliteten på vatningsvatnet.

Bruk og oppbevaring av plantevernmiddel

13 av dyrkarane oppbevara ikkje plantevernmiddel slik det er kravt i forskrifta. Dette er nokre av tilhøva Mattilsynet ga pålegg om å utbetra etter krava:

  • Ventilasjon til friluft
  • Merking på skapet/rommet
  • Låsbart skap/rom
  • Fjerning/rydding av utgåtte preparat

Kjøp og bruk av plantevernmiddel til yrkesdyrking krev autorisasjonsbevis. Hjå ein av dyrkarane vart plantevernmiddel sprøyta på åkeren av ein som ikkje tilfredsstilte dette kravet, og dyrkaren fekk pålegg om å endra rutinene. To av dyrkarane mangla eller hadde mangelfullt utfylt sprøytejournal, og desse fekk pålegg om å endra rutinane sine.

Hjå ein av dyrkarane vart det oppdaga feil bruk av eit plantevernmiddel. Denne bruken medførte ikkje helsefare, og Mattilsynet påpeika difor at plantevernmiddel berre kan brukast slik det står på etiketten.

Funksjonstest spreieutstyr

Fem av dyrkarane bruka åkersprøyter som ikkje var funksjonstesta, og det vart gitt pålegg om å få dette gjort. Fleire av inspektørane merka seg at funksjonstestmerket på utstyret er uleseleg.

Oppfølging

Dyrkarane har sjølve ansvaret for å utbetra manglane som vart funne ved tilsynet innan gitt frist, og melda skriftleg frå til Mattilsynet om kva som er gjort. Dersom dette ikkje skjer, fylgjer Mattilsynet opp.

 

Kontaktinformasjon

 Hilde Marie Birkeland, seniorrådgiver i Mattilsynet, 911 41 550.

Fant du det du lette etter?