European food safety authority (EFSA) med risikovurdering av mekanisk utbeina kjøtt (MUK)

Publisert 08.04.2013     Sist endret 08.04.2013

EFSA har nett komme med ei risikovurdering av mekanisk utbeina kjøtt (MUK). Dei konkluderer med at det ikkje er større mikrobiologisk eller kjemisk risiko knytta til MUK enn frå kjøttprodukt.

Kva er muk?

Etter nedskjæringa blir bein frå slakta griser og fjørfe sende gjennom ein spesiell maskin som skil ut dei vevsrestane som ikkje lar seg skjæra bort med kniv. Du kan lesa meir om MUK på Matportalen.

Etter kvart har teknologien blitt bedre. Ein bruker metodar med høgt eller lågt trykk, og den siste er svært skånsam og gir eit produkt som kan likna på kverna kjøtt. Men sjølv om det har vore ønske om å endra reglane om kva som er MUK, held EU likevel fast på det skiljet dei har hatt. Det er på linje med det Mattilsynet òg har sagt.

I risikovurderinga syner EFSA at det ikkje er større mikrobiologisk eller kjemiske risiko ved MUK. I tillegg har dei utvikla ein metode der dei nyttar kalsium-innhaldet for å skilja mellom MUK og kverna kjøtt.

Mattilsynet skal ikkje auka tilsynet med dei verksemdene som produserer MUK. Men Mattilsynet reknar med at næringsmiddelverksemdene fylgjer både krav til hygiene og krav om opplysningar til forbrukar (redelighet). Når me er på tilsyn, skal begge deler sjekkast.

Se også:

 

Fant du det du lette etter?