Kva er mekanisk utbeina kjøtt (MUK) og korleis skal det merkast?


Publisert 17.10.2012 | Sist endret 07.12.2012

Mekanisk utbeina kjøtt (MUK) blir framstilt ved at ein vinn ut restane av spiseleg materiale som er igjen på beina etter at nedskjæring/ utbeining er gjort. Ny, meir skånsam produksjonsmetode gir eit produkt som reint visuelt ikkje er lett å skilja frå kverna kjøtt, men det er likevel framleis “mekanisk utbeina kjøtt” og skal derfor merkast som det.

 Den teknologiske utviklinga og ny produksjonsmetode har gjort at kjøttbransjen både her i landet og elles i Europa har stilt spørsmål ved tidlegare avklaringar og fortolkingar. Det var bakgrunnen for at EU-kommisjonen i desember 2010 kom med ei utgreiing om mekanisk utbeina kjøtt (MUK).

I denne utgreiinga blir det mellom anna gjort klart:

  • kva som er MUK
  • informasjonspolicy overfor forbrukarane (merking av produktet)

Matportalen.no: Hva er MUK? 

EU-kommisjonen peiker på at det er tre kriterie som definerer MUK (jf. side 4-5):

  • type råmateriale “kjøttbein etter utbeining, eller frå fjørfeskrottar”
  • bruk av mekanisk hjelpemiddel
  • muskelfibrane mistar eller endrar strukturen sin

Ein held fast på at uansett kva metode verksemdene nyttar (høgt eller lågt trykk), er produktet MUK. Det vil være mogleg å sjå i mikroskop at muskelfibrane endrar strukturen sin (jf. side 6). Men det er likevel ikkje dette punktet åleine som gjer at eit produkt er MUK eller ikkje. Dette skal derfor ikkje bli ein diskusjon om kor mykje eller kor lite muskelfibrane blir endra eller øydelagde, eller kor store vevsbitane er. Det som avgjer saka, er at alle dei tre elementa er med – type råmateriale, bruk av mekanisk hjelpemiddel, og at muskelfibrane blir endra eller mistar karakteren sin. Produktet skal derfor framleis merkast som MUK (jf. side 11).

Dette fell saman med den oppfatninga Mattilsynet har gitt uttrykk for. Sjølv om ny metode gir eit produkt som ikkje er lett å skilja frå kverna kjøtt, fell det inn under definisjonen av MUK og skal merkast som det.

Tilsyn

Nokre aktørar i kjøttbransjen er urolege for ulik merking av produktet. Det er likevel fyrst og fremst bransjen sjølv som må sørgja for at dei fylgjer regelverket.

Mattilsynet skal ikkje nå begynna med noko ekstra tilsyn når det gjeld MUK. Me skal fortsetja å føra eit risikobasert tilsyn. Men når det blir ført tilsyn med verksemder som produserer mekanisk utbeina kjøtt, skal det bli ført tilsyn med merkinga av produktet òg. Mattilsynet sine folk skal då leggja vekt på at tilhøva ved MUK handlar både om at verksemdene er redelege og om trygg mat.

Spørsmål?

Er det noko ein lurer på, kan ein ta kontakt med det lokale Mattilsynet, tlf. 22 40 00 00.

Publikasjoner

Fant du det du lette etter?