Kjøttkontrollen har tradisjonelt famna om:
- Folkehelse
- Dyrevelferd
- Dyrehelse
- Kvalitet
I kjøttsektoren blir det offentlege tilsynet og kontrollen utført etter to ulike prinsipp. I slakteri er den offentlege kjøttkontrollen til stades heile tida, medan det er eit risikobasert tilsyn i resten av kjøttsektoren. Det vil seia at i resten av kjøttsektoren utfører Mattilsynet tilsyn og kontroll på same måten som i næringsmiddelbransjen elles (den gamle næringsmiddel¬kontrollen).
Det er faglege og historiske årsaker til denne skilnaden, og det er eit behov for å gi folk trygg mat som ligg bak. Historisk heng det òg saman med at f.eks. jødar og muslimar har strenge reglar for kjøtt. Den offentlege kjøttkontrollen blei bygt opp på slutten av 1800-tallet, og er eigentleg grunnlaget og utgangspunktet for alt det som nå er Mattilsynet og offentleg tilsyn og kontroll på heile matområdet. Men både i Norge og i andre land er det nå også ein prosess med å modernisera kjøttkontrollen slik at den på ein formålstjenleg måte kan møta dei utfordringane me står framfor i dag når det gjeld folkehelse, dyrevelferd og dyrehelse. Kvalitet bør ein overlata til verksemdene.
Ansvar
Sjølv om matlova legg ansvaret på verksemdene for at maten dei produserer er trygg, har likevel det offentlege tatt hand om oppgava med å kontrollera slakt. Derfor står det offentlege kontrollpersonar ved produksjonslinja inne i slakteria. Den offentlege kjøttkontrollen har då ansvaret for kontrollen, medan slakteriet har ansvaret for slaktinga, produksjonsforholda og sluttproduktet.
Overføring av oppgaver
Det er lang tradisjon for at tilsette i slakteria har gitt ei hjelpande hand til kjøttkontrollen. Det nye regelverket gir større rom for dette. Mellom anna kan tilsette ved slakteria hjelpa til med stempling av slakta og trikinkontroll, og ved fjørfeslakteri kan slakteritilsette utføra dei praktiske oppgavene ved båndkontrollen.
Leggja til rette for tilsynet
Har eit slakteri lovleg godkjenning, kan det i prinsippet slakta når det passar dei. Men på same tid har Mattilsynet monopol på å kontrollera slaktet, og ved dei aller fleste slakteri er det òg krav i regelverket om at minst ein offentleg veterinær må vera til stades under slaktinga. Det syner at her må det vera ein fornuftig dialog. Derfor er det tatt inn i matlova at verksemdene skal leggja til rette for Mattilsynet (matlova § 13) og det er òg tatt inn reglar om slakteplanar i forskrifta om kjøttkontrollgebyr. Mattilsynet treng varsling i god tid om den kommande slaktinga, slik at ein kan gi eigne tilsette ein trygg arbeidssituasjon, men òg for at ein skal leggja opp til ei effektiv drift av kontrollen slik lovgjevar har føresett.
Kjøttkontroll ved små slakteri
Ved små slakteri er det høve til å ha ein enklare kjøttkontroll. Der treng f.eks. ikkje den offentlege veterinæren vera til stades under slaktinga, men kan kontrollera slaktet etterpå (jf. Animaliekontrollforskrifta kapittel II).
Kjøttkontrollgebyr
Regelverket pålegg slakteri å betala gebyr slik at det offentlege kan få dekka utgiftene til kontroll av slakt.
Kompetanse
Mattilsynet sine folk ved slakteria har god kompetanse. Der arbeider både veterinærar og kontrollteknikarar, og begge grupper får regelmessig fagleg oppdatering. Og når ein skal overføra praktiske oppgaver i kontrollen til dei slakteritilsette, føreset det at dei har fått opplæring i desse oppgavene.
Folkehelse
Dei tilsette i Mattilsynet fylgjer eit detaljert regelverk når det gjeld undersøking og bedømming av slakt. Dei har òg andre oppgaver ved slakteria og er med på anna arbeid for det lokale Mattilsynet. Ved slakteria utfører dei tilsyn, prøvetaking og revisjonar.
Dyrevelferd
Dyrevelferd i slakteri blir prioritert høgt. Det offentlege fører tilsyn med at regelverket blir fulgt når det gjeld transport av dyr, oppstalling, bedøving og avliving. I tillegg kan ein eventuelt avdekka uheldige ting som måtte ha hendt med dyra heime på garden.
Dyrehelse
Slakteri er òg ein veleigna stad for å ta prøvar for overvåking av dyresjukdommar. Det kan ofte vera meir formålstjenleg å ta prøvar her som de fleste matproduserande husdyra kjem inn, i staden for å reisa rundt på bygda.
Kvalitet
Mykje av det kjøttkontrollen tradisjonelt har vore opptatt med, gjeld endringar og sjukelege lidingar hos slaktedyr som ikkje er farleg for folk (f.eks. missvekst, kroniske betennelsar, avvik i lukt og smak osv.). Men dette skal sjølvsagt ikkje komma på middagstallerken til folk, så nokon må ta seg av det. Det er Mattilsynet som i dag har fagkompetansen og plikten til å sjekka slakta for slike skavankar, men slakteria skal ta seg av “oppryddinga”.
Men ein del av dette kan òg tyda på at det kan vera ting heime på garden som burde vore fulgt opp. Bonden og dyrehelsetjenesta får informasjon om kva som blir funne på slakta. I meir alvorlege tilfelle vil det kunne komma inn under Mattilsynet sitt dyrevelferds- og dyrehelse¬arbeid.
God informasjonsflyt er føresetnad for ei formålstjenleg modernisering.