Kartleggjing av mykotoksin i næringsmiddel

Publisert 31.10.2010     Sist endret 21.01.2013

Ein tilsynsrapport med resultat frå kartleggjing av innhald av soppgifter i næringsmiddel ligg no føre. Det er ikkje funne fleire overskridingar enn i fjor, men ein fann soppgifta ochratoksin A i vesentleg fleire prøver enn året føre. Rapporten syner òg at det ikkje er store skilnader i kvalitet mellom fôrkorn og matkorn med omsyn på innhald av fusariumtoksin.

Tilsynsprosjektet for kontroll av mykotoksin i ulike næringsmiddel i 2005 er ei vidareføring av prosjekt frå tidlegare år der det som følgje av EU-pålagd importkontroll har vore fokusert på aflatoksin og ochratoksin A i matvarer. Sidan det i regelverket no er eigne grenseverdiar for soppgiftene aflatoksin og ochratoksin i mat til barn og menneske med spesielle ernæringsbehov, blei prosjektet utvida til å omfatte desse matvaregruppene i 2004.

Målet med prosjektet har vore å få oversikt over førekomsten av aflatoksin og ochratoksin A i aktuelle matvarer, inkludert barnematprodukt. Produktkategoriane i prøvetakinga for aflatoksin og ochratoksin A var noko endra i forhold til 2004. Det var liten skilnad frå tidlegare år med omsyn til aflatoksinpåvising, mens ochratoksin A blei påvist i vesentleg fleire prøvar enn i 2004. Talet på overskridingar er ikkje høgare enn i fjor.

Fusarium

Nytt i 2005 var at det òg blei teke ut prøvar av korn for analyse av toksin som er produserte av soppen Fusarium. Det blei sett i gong som følgje av rapportar om høge funn av fusariumtoksin i såkorn og korn til fôr frå 2004. Det var òg relevant å undersøkje fordi det skal fastsetjast grenseverdiar for enkelte fusariumtoksin i EU.

Dessutan har det vore eit mål å kartleggje kvaliteten på matkorn med omsyn til fusariumtoksin. For toksina HT-2 og T-2 er årsvariasjonen liten i perioden 2002–2004, både i fôrkorn og matkorn. I matkorn blei det påvist DON (deoksynivalenol) i dei fleste kveiteprøvane frå perioden. Det er ein aukande tendens frå 2001 til 2004, sjølv om talet på prøvar med for høgt innhald er nokolunde konstant. Innhaldet av fusariumtoksin i matkorn var like stort som i fôrkorn, noko som tyder at det ikkje er store skilnader i kvalitet.

Dei fleste prøvene var under grensa for kva ein tillet i mat. Mattilsynet vil halda fram med undersøkingar av dei same toksina i 2006.

Fant du det du lette etter?

Publikasjoner

Kontaktinformasjon

Birgitte Lyrån, seniorrådgiver, seksjon planter og vegetabilsk mat, tlf. 64 94 43 91


Publikasjoner

Kontaktinformasjon

Birgitte Lyrån, seniorrådgiver, seksjon planter og vegetabilsk mat, tlf. 64 94 43 91