Vurdering av PBDE i oppdrettsfisk


Publisert 30.10.2006 | Sist endret 21.01.2013

Mattilsynet har i 2005 gjennomført eit nasjonalt kartleggingsprogram for å betre dokumentasjonsgrunnlaget for bromerte flammehemmarar i fisk og marine oljar. Resultata frå rapportane gir kunnskap av høg verdi om desse nye miljøgiftene. Nivåa som er funne i dei undersøkte prøvane, er låge og representerer ingen risiko for helsa til forbrukaren.

Bromerte flammehemmarar er eit fellesnamn for ein stor gruppe kjemiske stoff som blir tilsett ulike produkt for å redusere evna deira til å brenne. Dei har kome i fokus fordi dei brytast dårleg ned i naturen, er giftige og blir verande i næringskjeda.

I dette programmet har Nasjonalt institutt for ernæring- og sjømatsforskning (NIFES) på oppdrag frå Mattilsynet analysert 21 prøver for dei bromerte flammehemmarane polybromerte difenyletere (PBDE) og Heksabromsyklododekan (HBCD). Det er analysert filet og lever frå torsk, makrell, sild og oppdrettslaks og også nokre marine oljer. Som med miljøgifta PCB, finn ein også her dei høgaste nivåa i feit fisk og fiskelever. Likevel er nivåa låge og dei representerer ingen risiko for helsa til forbrukaren.

Det er generelt lite data på bromerte flammehemmarar i norsk mat. Det finst i dag ingen grenseverdi for bromerte flammehemmarar i Noreg eller EU, men det er eit aukande fokus på dette område både nasjonalt og internasjonalt. EU tilrår kartlegging av flammehemmarar i mat.

Vitenskapskomiteen for matrygghet (VKM):Vurdering av PBDE i oppdrettsfisk  

Publikasjoner

Fant du det du lette etter?