Autorisasjonskurs for fornying av bevis

Om du skal fornya autorisasjonen din, kan du velja mellom eit fysisk eller nettbasert kurs. 

Fagleg oppdatert


Nettbasert fornyingskurs er ikkje tilgjengeleg etter 31.12.2025. Mattilsynet held på å utvikle eit nytt og oppdatert kurs som er forventa å vere klart til 01.03.2026. Dersom du treng å fornye autorisasjonen din før nytt nettbasert kurs er klart, kan du ta fysisk fornyingskurs via ein godkjent kurshaldar.

 

  • Kursa for fornying av bevis består av ein obligatorisk teoridel samt ein avsluttande eksamen 
  • Eksamen er ein skriftleg prøve på 1 time, der det er lov å bruke kalkulator, alt kursmateriell og dine eigne notat 

  • Du kan ta fornyingskurs sjølv om det er meir enn 10 år sidan autorisasjonsbeviset ditt gjekk ut. Føresetnaden er at du har hatt eit autorisasjonsbevis tidlegare, og ikkje berre tatt eksamen utan å ha fått bevis 

  • Du treng ikkje å fornye autorisasjonsbeviset så snart det har gått ut på dato. Fristen for å fornye autorisasjonen er før du skal kjøpe/bruke plantevernmiddel neste gong. 

  • Det er ikkje nok å gjennomføre autorisasjonskurset og bestå eksamen for å få kjøpt plantevernmiddel berekna for yrkesbruk. Du må også ha rett til autorisasjon i yrket ditt. 

  • Ønskjer du eit fysisk kurstilbod, kan du ta kontakt med Statsforvalterens landbruksavdeling i fylket ditt, som har oversikt over intensivkursa. Husk at du må kontakte landbruksforvaltninga i kommunen for å få autorisasjonsbeviset etter bestått eksamen. 

  • Har du ikkje hatt eit autorisasjonsbevis tidlegare, må du ta førstegangskurset.

Læremiddel 

For nettkurset finst kursmateriellet, inkludert læreboka, inne i sjølve nettkurset. Det er utarbeidd spesialtilpassa kursmateriell innan fagområda korn, fôrvekstar og grøntanlegg, men du kan fornye godkjenninga di ved hjelp av e-læringskurset sjølv om du produserer til dømes grønsaker. 

Ved deltaking på klasseromskurs blir det same kursmateriellet brukt av både dei som skal ha beviset for første gong, og dei som skal fornye beviset. For dei som skal fornye beviset, vektlegg undervisarane det som er nytt sidan førige kurs. Du får informasjon om kursmateriellet frå arrangøren. 

Praktisk informasjon om nettkurset  

Både kurs og eksamen blir gjennomførte heime, på eigen PC eller nettbrett. Det er ingen tidsfrist for kor lang tid du kan bruke på kurset. Det viktige er at du har bestått eksamen og fått eit nytt autorisasjonsbevis innan neste gong du skal sprøyte. Eksamen har ein tidsfrist på 1,5 time frå eksamen startar. 

Etter bestått eksamen blir opplysningar automatisk overførte frå nettkurset til autorisasjonsdatabasen. Ta kontakt med autorisasjonskurs@mattilsynet.no dersom kommunen ikkje finn opplysningar om bestått eksamen i autorisasjonsdatabasen. 

Innlogging og gjennomføring 

Innlogging til kurset skjer via ID-porten. Det betyr at du må ha den elektroniske ID-en din (som Minid eller BankID) tilgjengeleg når du skal logge inn. Viss det er første gong du skal bruke elektronisk ID, må du registrere deg som bruker før du kan logge inn og gjennomføre autorisasjonskurset. Det kan du gjere på Difis nettside.  

Gjennomsnittleg tidsbruk er estimert til 6-7 timar for gjennomføring av kurset. Gjennomføringstida vil likevel kunne bli lengre dersom du har ei internettlinje med lav kapasitet, eller du ikkje er godt kjend med navigering på internett. Eksamen er tilgjengeleg i 1 ½ time for ordinært kurs, og 2 timar for deg som har krav på utvida eksamenstid. 

 

Nyttig materiell til bruk i etterkant av kursa 

Plantevernmidler – godkjenning og bruk 

 Advarselplakater for bruk av plantevernmidler

Plantevernjournal

Sprøyteteknikk og funksjonstesting