Reglar om biepollen til fôr til bier
Pollen (det vil seie biepollen) er animalsk biprodukt og inngår i definisjonen av "biprodukt av biavl".
Omsetning av pollen til bruk som fôr må derfor følge dei generelle reglane i animaliebiproduktregelverket jf. forordning 1069/2009 art 31.
I samsvar med desse krava skal biepollen til bruk i fôrblanding
- vere framstilt av kat 3-materiale, se forordning 1069/2009 art 10 (pollen fell under bokstav e)
- vere samla inn eller behandla i samsvar med vilkåra for trykksterilisering eller andre vilkår for å sikre at dei er trygge. Det betyr at biepollen må vere behandla med ein godkjent metode som gir behandla animalske protein (PAP) og eventuelt smelta feitt.
- komme frå godkjent/registrert verksemd avhengig av kva type animalsk biprodukt/avleidde produkt det gjeld. Aktuelt er godkjent som bearbeidingsanlegg etter animaliebiproduktregelverket og registrert som produsent av fôrmiddel etter fôrhygieneregelverket.
- oppfylle krav til sporing gjennom bruk av handelsdokument. Krav til bruk av handelsdokument stansar ved omsetning av fôrblanding der biepollen inngår.
I tillegg til desse generelle krava er det særlege helsekrav til biprodukt av biavl. Materialet skal ikkje komme frå område som er underlagde forbod i samband med utbrot av følgande sjukdommar som kan ramme bier: Amerikansk bipest, akarinose, lita kubebille eller tropilaelaps-midd.
I Noreg er vi også bekymra for åpen yngelråte, som er ei liste 2-sjukdom ifølge dyrehelseforskrifta, vedlegg I. Det er også liste 3-sjukdommar som kan ramme bier.
Les meir om nasjonal liste 1-, 2- og 3-sjukdommar