Miltbrann (anthrax)
Denne sjukdommen rammar ei rekke dyreartar og menneske. Her får du rettleiing om meldeplikt, førebygging og kamp mot sjukdommen.
Denne sjukdommen rammar ei rekke dyreartar og menneske. Her får du rettleiing om meldeplikt, førebygging og kamp mot sjukdommen.
Dette er en dyresykdom på nasjonal liste 1. Varsle Mattilsynet umiddelbart på 22 40 00 00 ved mistanke eller påvisning på dyr.
Det siste tilfellet på dyr i Noreg blei registrert i 1993.
Miltbrann er ein bakteriesjukdom som gir svært alvorleg sjukdom hos ei rekke dyreartar og hos menneske. Bakterien dannar ein kapsel som gjer at han er svært motstandsdyktig og kan overleve i jord i mange tiår for så å utløyse sjukdom ved kontakt med dyr eller menneske.
Symptoma på miltbrann kan oppstå relativt kort etter at dyra har blitt smitta. Somme dyr døyr utan å ha vist symptom, andre får ei rekke ulike alvorlege symptom som varierer mellom dyreslag. Hos daude dyr sest ofte mørkt, tjæreaktig, ikkje koagulert blod ifrå naturlege kroppsopningar.
Sjukdommen smittar ikkje direkte frå dyr til dyr, men ved at innkapsla bakteriar blir tatt opp via fôr, blir inhalert med luft eller blir tatt opp gjennom sår i huda. Gamle dyregraver med miltbrannkadaver gir smitte til dyr viss dei blir for eksempel opna ved flaum eller gravearbeid.
Ja, miltbrann kan også gi alvorleg sjukdom hos menneske, men han kan behandlast med antibiotika i dei fleste tilfelle. Les meir om sjukdom hos menneske hos Folkehelseinstituttet (fhi.no).