Mattilsynet fører tilsyn med dei som har ansvar for dyr

Mattilsynet skal føre tilsyn med at dei som har ansvar for dyr, følgjer reglane.

Publisert

Ansvaret for velferda til dyra ligg hos

  • dyreeigaren (for tamme dyr)
  • den som handterer dyret (for ville dyr)

Finn ut kven som har ansvar for kva når det gjeld ville dyr

Viss vi oppdagar at nokon ikkje følgjer reglane, skal vi reagere og prøve å få dyrehaldaren til å følgje regelverket. Sjå kva for verkemiddel vi kan bruke

Slik fører vi tilsyn

Mattilsynet brukar fleire metodar for å føre tilsyn med dyrevelferda. Den vanlegaste metoden er inspeksjonar i dyrehalda. Sjå ein kort video om kva som skjer når vi kjem på inspeksjon:

Andre viktige deler av tilsyns­arbeidet er at vi handterer søknader om tillatingar, godkjenningar og dispensasjonar (søknader om unntak frå krav i regelverket).

I tillegg gjennomfører vi tilsyns­kampanjar der vi ein periode rettar søkelyset mot eitt eller fleire avgrensa område.

Dette fører vi tilsyn med

Mattilsynet fører tilsyn med alle typar dyre­hald: Både tradisjonelle produksjons­dyr som storfe og gris, og dyr som blir haldne som kjæledyr eller for å delta i sport og konkurransar, som hest.

Slik veit vi kven som har dyr

For dei fleste artane av produksjons­dyr må ein melde frå til Mattilsynet om dyrehaldet. For nokre aktivitetar med fyr må ein også ha godkjenning frå Mattilsynet. På denne måten veit Mattilsynet om dyre­halda, og vi kan gjennomføre tilsyn med dei.

Dei som eig kjæledyr og sports­dyr, må som regel ikkje melde frå til Mattilsynet. Når vi fører tilsyn med slike dyrehald, er det som regel fordi vi har fått bekymrings­meldingar frå publikum, eller fordi vi har våre eigne erfaringar med dyrehaldet.

Tertial- og årsrapporter for dyrevelferd

Sida er ein del av denne rettleiinga: