Bruk rensefisk rett


Publisert 26.11.2012 | Sist endret 06.12.2012

Mattilsynet tilrår bruk av rensefisk, men bruk den rett slik at den vert effektiv og ikkje spreier smitte.

Nedsett følsemd og resistens mot medikamentell lusebehandling har ført til auka behov for ikkje-medikamentelle metodar i kampen mot lusa. Rensefisk (eller leppefisk som ofte vert nytta)er ein biologisk rensemetode som er viktig i denne kampen.

Mattilsynet regulerer hald og bruk av rensefisk gjennom det same regleverket som for hald av matproduserande fisk. Føremålet med regleverket er å fremje god helse og ivareta god velferd hos fisken.

Ivareta god fiskehelse

Vi har avgrensa kunnskap om sjukdom hos rensefisk og fare for sjukdomssmitte frå rensefisk til produksjonsfisk. Dei som brukar rensefisk må gjennomføre smitteførebyggjande tiltak for å hindre sjukdomsspreiing mellom rensefisk, og for å hindre at rensefisk smittar annan produksjonsfisk. Ved mistanke om sjukdom skal ein gjennomføre helsekontroll.

Tradisjonelt har oppdrettsnæringa nytta villfanga rensefisk. Sidan ein har liten kontroll over smittestatus på villfanga rensefisk, bør fangst av rensefisk skje i god avstand frå akvakulturanlegg. Transportvatn kan òg vere ein smitterisiko, difor må ein unngå å ta inn eller sleppe ut transportvatn nære oppdrettsanlegg

Gjenbruk av leppfisk er risikabelt

Føremålet med brakklegging er å bryte smittekjeda og er eit svært viktig førebyggjande tiltak mot både etablerte og nye fiskesjukdomar. Gjenbruk av rensefisk kan redusere effekten av brakklegging, særleg for sjukdomar som vi i dag ikkje har god kunnskap om.

 Vis stor varsemd ved gjenbruk av rensefisk. Ved gjenbruk må ein gjennomføre risikoreduserande tiltak som til dømes karantene. Sjuk rensefisk eller rensefisk frå anlegg som har eller har hatt sjukdom skal ikkje brukast på nytt, men avlivast når produksjonsfisken i anlegget vert slakta ut. God helsekontroll i anlegget er difor særskilt viktig, slik at smittefare blir avdekka.

Ikkje flytt rensefisk ut av sjukdomssoner                             

Det er forbode å flytte sjuk rensefisk. Mattilsynet åtvarar i tillegg på det sterkaste mot å flytte rensefisk ut av soner med alvorlege smittsame fiskesjukdomar. Regelverket krev at drifta skal vere forsvarleg ut frå omsynet til fiskehelse, og med noverande kunnskap meiner vi at flytting av rensefisk ut av sjukdomssoner er tvilsam praksis.

Pass godt på rensefisken

God velferd i alle ledd er viktig for rensefisken. Fangst og handtering skal skje skånsamt og med eigna reiskap. Vert rensefisken skadd vert han mindre effektiv og meir mottakeleg for smitte,.

I fangenskap skal rensefisken ha forhold som gjev god velferd. Miljøet må tilpassast rensefisken sitt behov. Det skal vere skjul, og rensefisken må fôrast dersom naturleg føde ikkje er tilgjengeleg. Sjuk og skada fisk, eller fisk som ikkje skal brukast vidare, skal avlivast på ein forsvarleg måte både ved fangst og i oppdrettsanlegget.

Tilrådingar og krav

  • Mattilsynet tilrår bruk av rensefisk.
  • Fangst, produksjon, transport, hald og bruk av rensefisk skal følgje regelverket.
  • God kunnskap om rett fangst, hald og bruk av rensefisk er viktig for å oppnå optimal effekt. Fokus på velferd er avgjerande.
  • Fangst av rensefisk bør skje i god avstand frå akvakulturanlegg.
  • Transportvatn kan utgjere ein smitterisiko. Unngå å ta inn eller sleppe ut transportvatn nære oppdrettsanlegg
  • Ein skal gjennomføre helsekontroll ved mistanke om sjukdom.
  • Vis stor varsemd ved gjenbruk av rensefisk. I slike tilfelle må ein gjennomføre risikoreduserande tiltak som til dømes særskilt god helsekontroll for å avdekke smittefare samt karantene.
  • Sjuk rensefisk eller rensefisk frå anlegg som har eller har hatt sjukdom skal ikkje nyttast på nytt, men avlivast når fisken i anlegget vert slakta ut.
  • Det er forbode å flytte rensefisk som er sjuk.
  • Mattilsynet åtvarar på det sterkaste mot å flytte rensefisk ut av soner med alvorlege smittsame fiskesjukdomar.

 

Fant du det du lette etter?