Registrering av næringsmiddelverksemder som leverer plantebaserte restprodukt til fôr
Alle næringsmiddelverksemder som leverer plantebaserte restprodukt frå næringsmiddelproduksjonen sin til bruk i fôr skal vere registrerte som fôrverksemd i samsvar med forskrift om fôrhygiene.
Dette gjeld uavhengig av om materialet blir levert til fôrprodusentar eller direkte til ein gardbrukar. Registreringa blir gjord i Altinns skjemaløysing via skjemaet "Registrering og/eller godkjenning av fôrvareverksemd".
Rett klassifisering og registrering sikrar trygg handtering og bidrar til å halde oppe høge standardar for fôrtryggleik, noko som er viktig for både dyrehelse, mattryggleik og for å oppfylle gjeldande regelverk.
Verksemder som produserer næringsmiddel utan innhald av animalske produkt, kan levere restprodukt direkte til gardbrukar. Dette gjeld for eksempel bryggeri, potetgullprodusentar og andre verksemder som berre bruker plantebaserte råvarer. Eit unntak er varmebehandla bakevarer som inneheld mjølkeprodukt og egg – desse produkta kan også leverast direkte til gardbrukar.
Verksemder som produserer næringsmiddel som består av eller inneheld produkt av animalsk opphav, kan ikkje levere restprodukt direkte til gardbrukar. Slike restprodukt blir klassifiserte som animalske biprodukt og kan berre leverast til godkjente eller registrerte anlegg for animalske biprodukt. Eit eksempel på dette er pizzaprodusentar som bruker skinke og salami på pizzaen. Slike verksemder der animalske biprodukt oppstår, skal ikkje registrerast som fôrverksem, men følge regelverket for animalske biprodukt for klassifisering og merking. Les meir om plikter for verksemder der animalske biprodukt oppstår.
Sjå også:
Commission Notice – Guidelines for the feed use of food no longar intended for human consumption (europa.eu)
Matsvinn frå daglegvarehandelen til bruk som fôr