Registreringskrav for *forsøksfôrinstitusjonar
Forsøksfôrinstitusjonar som ønsker å produsere fôr til dyr som skal inngå i fôr- og matkjeda, skal vera registrert etter forskrift om fôrhygiene.
Dersom fôret inneheld animalske råvarer, skal verksemda også vera godkjent etter TSE-forskrifta.
Det er av ulike omsyn behov for å utføre forsking på bruk av råstoff i fôr som ikkje samsvarar med fôrregelverkskrav. Forsøksfôrinstitusjonar som produserer slikt fôr, skal ikkje vera registrert etter forskrift om fôrhygiene. Dersom de bruker råstoff av animalsk opphav ved slike institusjonar, skal de vera registrerte som spesielle brukarar etter animaliebiproduktforskrifta.
Forsøksfôrinstitusjonar som er registrert etter forskrift om fôrhygiene
Registreringskravet vil gjelde så sant fisk og andre dyr frå enkelte forsøk går til konsum.
Institusjonen skal også vere godkjent etter TSE-forskrifta dersom de bruker fôrmiddel av animalsk opphav.
Institusjonen må følgje fôrregelverket på alle punkt. Regelverket har likevel ein del fleksibilitet som kan utnyttast.
Dersom de skal bruke animalsk materiale, må de sikre at animalsk protein er bearbeida ved eit bearbeidingsanlegg som er godkjent etter animaliebiproduktforskrifta.
Importerte råvarer skal ha gjennomgått ordinær importkontroll, inkludert eventuell veterinær grensekontroll.
Fisk og andre dyr frå fôringsforsøk kan gå til konsum.
Det kan vera mogleg å få utstedt eksportsertifikat for fôrvarer.
Forsøksfôrinstitusjonar som ikkje er registrert etter forskrift om fôrhygiene
Verksemda skal vere registrert som spesiell brukar etter animaliebiproduktforskrifta dersom de bruker råstoff av animalsk opphav.
Det vil vere tillatt å produsera forsøksfôr med råvarer som ikkje er tillatt i fôrvarer. Dette vil mellom anna vere råvarer som ikkje samsvarar med reglar i animaliebiproduktforskrifta og fôrmerkeforskrifta.
Det er ikkje krav om å følgje reglane i forskrift om fôrhygiene og TSE-forskrifta.
Det vil ikkje vere tillatt å produsere forsøksfôr til fisk og andre dyr som inngår i matkjeda.
Det vil ikkje vere mogleg å få utstedt eksportsertifikat for fôrvarer.
For både forsøksfôrinstitusjonar som er og ikkje er registrert etter forskrift om fôrhygiene, vil det vere mogleg å søke om løyve til å bruke ikkje-godkjente tilsetningsstoff i forsøksfôr, og det vil vere mogleg å søke om dispensasjon for bruk av GM-fôrvarer.
Fakta om tilsetningstoffar i fôr
Regelverk
Forvareforskriften - forforskriften
§ 2. Virkeområde
Kilde: Lovdata.no