Melde inn kosmetiske produkt i EU-portalen CPNP
Du som er norsk produsent eller importør av kosmetiske produkt, må melde inn produkta dine i EU-portalen Cosmetic Products Notification Portal (CPNP)
CPNP er EUs sentrale kosmetikkregister.
Desse skal melde frå
Du skal melde frå i CPNP viss du
- produserer eit kosmetisk produkt.
- importerer eit kosmetisk produkt til Noreg frå land utanfor EU/EØS
- marknadsfører eit kosmetisk produkt under ditt namn eller varemerke, eller endrar eit produkt som allereie er marknadsført på ein slik måte at samsvar med det gjeldande kravet kan påverkast
- distribuerer eit kosmetisk produkt der noko av merkinga er endra for å følgje nasjonale krav om merking
Det er den ansvarlege personen (RP) eller distributøren som har ansvaret for å melde frå.
Sjå kven som er ansvarleg person
Du som importerer eller produserer tatoverings- og injeksjonsprodukt, skal ikkje melde frå i CPNP.
Meldeplikt når du omset merking til norsk
Viss du importar kosmetiske produkt til Noreg frå eit land i EU, må merkinga på eit produkt i mange tilfelle omsetjast til norsk. Dersom noko av merkinga blir endra, må du som distributør melde frå i CPNP. ). Innmelding i CPNP er ikkje ei godkjenning av produktet. Før innmelding må den ansvarlege personen (RP) sørgje for at produktet oppfyller krava i regelverket, mellom anna krav til sikkerheitsvurdering, sikkerheitsrapport, produktinformasjonsfil (PIF) og merking.
Sjå kven som er ansvarleg person (RP) og hvilke pliktar som gjeld Ansvarlig person, distributør, PIF og sikkerhetsrapport
Produkt med nano-materialer må registrerast tidleg
Du må registrere kosmetikk som inneheld nano-materialer i CPNP seks månader før du marknadsfører produktet.
Informasjonen blir ikkje delt
Det er berre EU-kommisjonen, giftinformasjonssenter og kompetente styresmakter i medlemslanda i EU/EØS som kan få tilgang til informasjonen du registrerer i CPNP. Dette gir grunnlag for å føre tilsyn eller å følgje opp dersom det skulle oppstå helsefare.
Gå til CPNP og meld inn her
Opprett bruker eller logg inn på CPNP – Cosmetic Products Notification Portal (europa.eu)