Fakta om Listeria

Matvarer med lang haldbarheitstid og som blir eten utan varmebehandling, er risikoprodukt når det gjeld Listeria. Listeria finst i nokon tilfelle både i råvarer, produksjonsmiljø og ferdigprodukt.

Publisert

Dersom bakterien får utvikle seg i produkta, kan dette føre til alvorleg helserisiko for utsette grupper. Dei siste åra har det vore fleire alvorlege sjukdomsutbrot av listeriose med røykelaks som smittekjelde. Rakfisk har også vore årsak til utbrot av listeriose. 

Det må svært mange bakteriar til for å gjere friske folk sjuke, så det er gjerne personar i risikogrupper – som til dømes gravide og personar med nedsett immunforsvar – som blir sjuke av Listeria. 

Eigenskapar: 

  • finst naturleg i miljøet, mellom anna i vatn, jord, vegetasjon og hos ville dyr og husdyr

  • blir drepen ved varmebehandling ved 75 °C i 1 sekund, eller tilsvarande 

  • kan vekse ved temperatur frå ca. 45 °C og heilt ned til 0 °C 

  • overlever frysing 

  • veks ikkje ved pH under 4,4 

  • veks ved saltkonsentrasjonar opp til ca.10 % 

  • blir hemma, men ikkje drepen, ved tørking og røyking 

  • veks både med og utan atmosfærisk luft, også i vakuum- og MAP-pakningar 


Meir om Listeria