Sal av kjøtt eller produkt frå eigne dyr 

Som gardbrukar kan du sjølv selje produkt eller stykkingsdelar frå eigne dyr. Her finn du informasjon om nokre reglar som gjeld dette.

Publisert

Dyra må slaktast på godkjend slakteri, og skrotten skal ha påført stempelmerke. Ved transport både frå slakteriet og ut til kunden, må du ivareta god hygiene og halde kjølekjeda.

Kven du kan selje til 

Det er ulike reglar for kven du kan selje til, avhengig av om verksemda som handterer kjøttet for deg, er registrert eller godkjend. 

Varer frå registrert verksemd kan berre seljast direkte til sluttforbrukarar. Varer frå godkjend verksemd kan du også selje til andre detaljistar, til dømes ein daglegvarebutikk eller restaurant i nærleiken. Dette salet må fylgja reglane for marginal, lokal og begrensa: Unntak frå krav til godkjenning

Grafisk fremstilling av kven du kan selje til. A4.png
Modellen viser kven du kan selje til.

Handtere heile slakt 

Dersom du skal ta tilbake heile slakt og sjølv handtere dei vidare, må du oppfylle alle krava til ei næringsmiddelverksemd. 

Lagre, splitte pakningar, pakke om / dele opp eller, fryse inn?

Dersom du skal må du ha
lagretilstrekkeleg kjøle- og frysekapasitet 
splitte pakningar utan å eksponere produktetrom som er eigna med vaskbare flater
handtere uemballert produkt ved ompakking eller oppdeling:produksjonsrom med lett vaskbare flater i arbeidsområdet. 
fryse inntilstrekkeleg kapasitet for rask innfrysing, vere planlagt og ein del av produksjonsprosessen i samarbeid med nedskjerings-/produksjonsverksemda, så snart som mogeleg etter produksjon, ha vurdert innfrysinga i eigen fareanalyse. 

Du skal ha eit styringssystem for mattryggleik som er tilpassa aktiviteten du har. 

Grafisk framstilling av krav for ulike handteringar på garden din, som beskrevet i avsnittet over, A4.png
Modellen viser krava for ulike handteringar på garden din.

Merking og sporing 

Di verksemd er ansvarleg for merking av produktet. Kjem produktet frå godkjend verksemd skal deira godkjenningsmerke stå på ytteremballasjen, eller det kan også stå på forbrukarpakkane. Produksjonsverksemda kan merke forbrukarpakkane for deg, med dine kontaktopplysningar. Godkjenningsmerket kan ikkje stå på denne etiketten. 

Frosne varer skal vere merka med "dypfryst" og "bør ikke fryses på nytt etter opptining, og anbefalt oppbevaringstid ved andre aktuelle oppbevaringstemperaturar.

Her finn du informasjon om dei obligatoriske krava til merking

For kjøtt er det særskilte krav til opphavsmerking, sjå under. Det er lov å informere om kva for verksemd som har slakta og skore ned kjøttet. 

Du må ha eit system for å spore produkta du får inn, og dei produkta du sel vidare til andre detaljistar. Produkt du sel direkte til sluttforbrukarar, er det ikkje krav til å spore. 

Eksempel på merking av varer til sluttforbrukar

Her er holdbarhetsdato brukt som informasjon om sporing (avgrensing av parti). 

 

Filét 

(av storfe, Svin, sau, geit, fjørfe) 

 
Frysedato: DypfrystNettovekt:
Best før:
 
Frysevare: under 18 °C Opprinnelse: Norge*
Lia gård, 10, 1234 LANDET, tlf. 123 45 678Bør ikke fryses på nytt etter opptining. (Anbefalt oppbevaringstid ved andre aktuelle oppbevaringstemperaturer).  

* Alternativt - Født i: Norge, Oppdrettet i: Norge, Slaktet i: Norge 

 Indrefilét (av viltkjøtt)  
Best før:Kjølevare 0–4°C Nettovekt:
 Lia gård, Liaveien 10, 1234 LANDET, tlf. 123 45 678 

Registrering i skjematenesta  

Salet skal du registrere med aktiviteten "Detaljomsetning og servering av mat og drikke" og velje aktuelle produksjonsformer, til dømes "Gårdsutsalg". Dersom du handterer uemballert produkt, eller frys inn, skal du i tillegg registrere aktiviteten "Produksjon av kjøtt og kjøttprodukter" med produksjonsforma "Produksjon av kjøtt og kjøttprodukter – lokal og marginal omsetning".