Spore råvarer og produkt

Produktet ditt skal du kunne spore eitt ledd tilbake og eitt ledd fram. Dette vil seie at du må ha oversikt over råvarer brukt i den enkelte produksjon og kven du har selt denne produksjonen til.

Publisert

Føremålet er at du raskt kan trekke tilbake varer frå marknaden, dersom det på eit eller anna punkt i kjeda vert oppdaga noko gale. Du må derfor lage deg eit system for å samle all informasjon om kvar produksjon (batch). Du må vite kven som har levert ingrediensane til produktet ditt, når du har motteke det og kven du har levert varene til. Det er ikkje krav om å kunne spore kva for sluttforbrukarar/privatpersonar du har selt produktet til. 

Lag ein rutine for kva du skal gjere dersom du må trekke produktet tilbake frå marknaden. Rutinen bør vere skriftleg dersom det er nødvendig for å sikre at rutinen fungerer. Dersom helsefarleg produkt har nådd forbrukar skal forbrukaren ha informasjon om dette, og du skal bruke meldeskjema for virksomhetene

Regelverk