Basisundersøking av framandstoff i sjømat i Førdefjorden 2017
Sjå resultata frå ei basisundersøking av tungmetall, andre grunnstoff og persistente organiske sambindingar i sjømat.
- Kva blei undersøkt?
Brosme, torsk, sjøkreps og blåskjel
- Kva leita vi etter?
Grunnstoff: Arsen (As), kadmium (Cd), krom (Cr), kopar (Cu), jern (Fe), kvikksølv (Hg), nikkel (Ni), bly (Pb), selen (Se) og sink (Zn).
Persistente organiske sambindingar: Dioksin, furanar, polyklorerte bifenyl (PCBer) og polybrominerte difenyleterar (PBDEer, flammehemmarar)
- Kva fann vi?
- Låge nivå av kadmium og bly i filet av brosme, torsk og muskelkjøtt frå sjøkreps.
- Nivået av kvikksølv i torskefilet var hovudsakleg lågt under 0,2 mg/kg, ingen individ oversteig grenseverdien på 0,5 mg/kg. For brosme var nivået litt høgare, over 0,2 mg/kg i dei fleste individa og nokre individ oversteig så vidt grenseverdien på 0,5 mg/kg. Overskridelsene gjaldt hovudsakleg filet av stor brosme i ytre del av fjorden. Dette er liknande nivå som er funne i brosmefilet andre stader langs kysten. Sjøkreps og blåskjel hadde låge nivå av kvikksølv
- Nivået av dioksin og dioksinliknande PCB i fiskelever var over grenseverdien i 1/3 av samleprøvane frå torskelever og i alle samleprøvane for brosmelever. Funna er i samsvar med tidlegare funn i fiskelever langs heile kysten. Resultata stadfestar aktualiteten til åtvaringa mot å ete fiskelever frå sjølvfangst: Ikkje et fiskelever frå sjølvfangst
- Nivået av dioksin og dl-PCB i brunmat frå sjøkreps var høgare enn det som vanlegvis finst i brunmat frå krabbe. Det er ikkje grenseverdi for desse stoffa i brunmat.
Les eller last ned rapporten Førdefjorden: Basisundersøking av fremmedstoff i sjømat (hi.no)
- Kven utførte oppdraget?
Havforskningsinstituttet