Faktaartikkel

Animalsk mat – godkjenning eller registrering?

Publisert 12.05.2021     Sist endret 12.05.2021

Ei verksemd som produserer animalske varer skal ha godkjenning.

Du kan velje å ikkje søkje godkjenning, og berre registrere verksemda, viss du sel direkte til sluttforbrukarar, og sel maks 600 kg sluttprodukt pr. veke direkte til andre detaljistar.

Driv du med produksjon av animalske matvarer er hovudregelen at verksemda skal ha godkjenning. Sidan produksjon av animalske matvarer kan vere ein større risiko for folkehelsa enn andre matvarer, skal Mattilsynet godkjenne slike verksemder. Når verksemda er godkjent, kan ein fritt selje animalske produkt i heile Noreg og EU/EØS-området utan annan dokumentasjon.

Hygieneregelverket som gjeld for animalsk produksjon er næringsmiddelhygieneforskrifta og animaliehygieneforskrifta. Reglane om registrering og godkjenning, og kva for aktivitetar som er omfatta av regelverket, står i animaliehygieneforordninga artikkel 1 og artikkel 4.

Detaljistar, som berre sel varene direkte til sluttforbrukarar, kjem ikkje inn under krava i animaliehygieneforskrifta og skal vere registrert. Dette gjeld sjølv om ei slik verksemd produserer animalske varer. Døme på verksemder er restaurant, catering, kantine, slaktebutikk og lokalmatprodusent som sel varene frå eige utsal og/eller på marknad.

Slike verksemder kan selje avgrensa mengder til andre detaljistar på særskilte vilkår. Les meir i avsnittet om “unntak frå krav til godkjenning av animalsk produksjon”.

Kva er animalsk mat

Animalsk mat  er kjøtt, fisk, mjølk, eller egg og produkt laga av desse råvarene. Til dømes kotelettar, pølser, røykt fisk, fiskekaker, ost eller majones av rå egg. Verksemda skal ha godkjenning.

Eit animalsk produkt med små mengder tilsetjingar av vegetabilar er fortsatt animalsk. Døme på dette er urter i ost eller pølser, og frukt i yoghurt. 

Bruker du rå animalske råvarer som del av eit samansett produkt, vert dette rekna som animalsk. Døme på dette er produksjon av pizza der produsenten varmebehandlar rått kjøtt før det vert lagt på pizzaen.

Eit særskilt tilfelle er bruk av rå egg i bakeriprodukt. Dette krev ikkje godkjenning av verksemda.

Honning er animalsk. Det er ikkje særskilte krav i animaliehygieneforordninga til verksemder som vidareforedlar honning. Slike verksemder skal difor ikkje søkje godkjenning, men vere registrert.

Ikkje godkjenning ved bruk av foredla animalske råvarer

Bruker du foredla animalske råvarer i produksjonen, er det ikkje krav til godkjenning. Verksemda skal vere registrert. Døme på dette er produksjon av pizza med kjøttfyll av ferdig varmebehandla kjøtt, og spiseis laga av pasteurisert mjølk.  

Foredling betyr vesentleg endring av råvara, til dømes varmebehandling, røyking, salting, modning og/eller tørking.

Kva er primærproduksjon

For primærproduksjon er det eigne krav i regelverket (registrering). Kva som vert rekna som primærproduksjon er ulikt for dei animalske råvarene. Skal du gjere noko meir enn det som står under her, kjem aktiviteten inn under krava til næringsmiddelproduksjon.

  • Kjøtt – hald av dyret fram til slakting
  • Mjølk – mjølking og oppbevaring av rå mjølk
  • Fisk – oppdrett og fiske, slakting, sløying og tilhøyrande operasjonar (forordning 853/2004, vedlegg III, avsnitt VIII, nr. 4)
  • Egg – grovsortere, vaske og selje i laussal
  • Honning – slynge og pakke

Unntak frå krav til godkjenning av animalsk produksjon

Mindre verksemder som produserer animalsk mat, kan velje å ikkje søkje godkjenning. Grunngjevinga er at det vert produsert mindre mengder, produkta når fram til færre menneske, det er god oversikt over distribusjonen og direkte kontakt mellom produsent og sluttforbrukar. Verksemda skal vere registrert.

Føresetnader for ikkje å søkje godkjenning

  • er detaljist som leverer direkte til sluttforbrukar
  • oppfyller alle tre vilkåra for marginal, lokal og avgrensa aktivitet for levering til andre detaljistar

Kva er ein detaljist

Ein detaljist leverer produkt direkte til sluttforbrukarar (privatpersonar). Direkte betyr at det er fysisk kontakt mellom produksjonsverksemd og sluttforbrukar ved bestilling, eller overlevering av produktet. Det skal vere lagt til rette for sal til privatpersonar. Døme på dette er eige utsal eller salsdisk, utlevering på REKO-ring eller sal på bondens marknad.

Vilkår for marginal, lokal og avgrensa aktivitet for levering av animalsk mat til andre detaljistar

Marginal

  • Leverer maks. 600 kg sluttprodukt pr. veke til andre detaljistar (kan reknast som eit gjennomsnitt over ein periode på 6 md. = totalt 15 600 kg). Mengde produkt direkte til sluttforbrukarar kjem i tillegg.

Sluttprodukt betyr det produktet du sel. Døme på dette er pølser, spekemat, rømme, ost, røykt fisk og rakfisk. Du skal dokumentere kor mykje du sel til andre detaljistar.

Regelverket set ikkje krav til forholdet mellom mengde produkt selt direkte til sluttforbrukar og til andre detaljistar, men sal til sluttforbrukar skal vere reelt.

Du kan til dømes ikkje berre selje ei svært lita mengde til familie og vener, og så selje 600 kg. pr. veke til andre detaljistar. Kven som helst skal som privatperson kunne handle hjå deg, og du skal møte kunden fysisk enten ved bestilling, eller levering av produktet.

Har du eit reelt sal der du møter kunden fysisk, kan du i tillegg bruke ei leveringsteneste, til dømes sykkelteneste eller drosje, til å levere produkt direkte til sluttforbrukar i nærområdet ditt. Dette vert då rekna som sal direkte til sluttforbrukar.

Ved svært små produksjonsmengder på stader kor det er lite mogeleg å selje direkte til sluttforbrukarar, kan Mattilsynet vurdere det som tilstrekkeleg at det er lagt til rette for sal, utan at salet er reelt. Døme på dette er seterdrift der det sjeldan kjem folk innom, men at ei turisthytte kjøper produkta.

Lokal

  • Leverer til andre detaljistar i det fylket verksemda ligg, eller innanfor ein maksimal avstand på 100 km frå verksemda ved levering i andre fylke. Dersom naturleg område for sal går ut over desse grensene, kan ein levere i eit større område.

Samanslåing av fylke gjer at denne regelen kan verke ulogisk sidan ein kan selje over svært lange avstandar i eige fylke. Vårt nasjonale regelverk er utforma før samanslåinga, og det er ikkje planar om å endre regelverket på kort sikt. Det er opning for å tilpasse til praktiske tilhøve. For å selje til stader som ligg utanfor grensene, må du beskrive kvifor du meiner dette er eit naturleg område for sal.

Ved sal direkte til sluttforbrukar i Noreg er det ikkje krav til avstand. Du kan til dømes sjølv ta med animalske produkt og selje dei på ein marknad på ein annan kant av landet.

Avgrensa

  • Leverer til andre detaljistar som leverer direkte til sluttforbrukarar. Ein kan ikkje selje animalske varer via grossist eller andelslag.

Døme på andre detaljistar er daglegvarebutikk, restaurant og institusjon. Du kan sende varer direkte til desse verksemdene med ein transportør eller ei bodteneste.

Du kan ikkje sende varer via ei verksemd (grossist) som tar imot varer frå fleire produsentar, lagrar, reorganiserer og køyrer ut til ulike verksemder.

Nettsal av animalske varer

Sal av animalske produkt via internett er ikkje direkte kontakt med sluttforbrukar, og verksemda skal ha godkjenning.

Leverer ein varene direkte til sluttforbrukaren, er det ikkje krav til godkjenning. Ei registrert verksemd kan til dømes marknadsføre og ta imot bestillingar på internett, medan overlevering av varene skjer ved eit fysisk møte mellom verksemd og sluttforbrukar.

Fant du det du lette etter?