Lokalmat – bruk av Mattilsynet si skjemateneste


Publisert 04.03.2014 | Sist endret 16.06.2014
Foto: Mattilsynet

Skal du registrere, melde om endring eller søke om godkjenning av verksemda di har Mattilsynet eit elektronisk system for dette. Du startar ved å velje knappen for "Skjema" på forsiden til mattilsynets.no.

Alle som har verksemd i matkjeda frå jord/fjord til bord skal vere i Mattilsynet sitt register. Du har sjølv ansvaret for å melde inn verksemda før du startar opp. Det er samarbeid med nokre eksterne register og alle som får produksjonstilskot blir automatisk registrert.

På mattilsynet.no er det mykje informasjon om korleis du skal bruke skjematenesta og det er fleire korte e-læringsguidar. Det krev litt tid å setje seg inn i dette første gongen.  Ein fordel for deg ved bruk av skjematenesta er at du kan sjå kva vi har registrert på di verksemd. Du kan og sjå kva saker du har sendt inn og kva status dette har hos oss.

Her finn du e-læringsguidane

Nokre hovudpunkt for skjematenesta:

  • Du bruker "ID-porten" for å logge deg inn
  • Du må velje at du skal rapportere for bedriftsorganisasjons-nummeret ditt. Dette er vanlegvis ikkje det same som føretaksorganisasjons-nummeret. (Les rettleiingsteksten inne i skjematenesta

Det kan vere vanskeleg å vite kva for skjema og kva val ein skal gjera ulike stader. Vi set difor opp nokre eksempel på riktige kombinasjonar. Du skal sende inn eitt skjema for kvar aktivitet:

  • Viss du baker brød og sel dette frå eigen butikk skal du sende skjema "Ny næringsmiddelvirksomhet" to gonger. Eitt skjema for bakeriverksemda (Produksjon av baker og konditorvarer) og eitt skjema for butikkverksemda (Detaljomsetning og servering).  
  • Viss du fiskar og sel fisken vidare skal du sende inn skjemaet "Ny primærproduksjon og transport av fiskerivarer…." og "Ny næringsmiddelvirksomhet".

Etter at du har valt type aktivitet skal du velje produksjonsform. Det kan vere at du skal velje fleire produksjonsformer for same aktivitet.

Skal du drive ei mindre verksemd med animalske varer og du vel å registrere verksemda i staden for å søkje godkjenning, skal du berre velje produksjonsforma som heiter "lokal og marginal omsetning". For type produkt er det då eigne avkryssingsboksar.

Eksempel på val i skjematenesta:
Du gjerSkjemaType aktivitet Produksjonsform 
Produserer produkt av innlandsfiskNy næringsmiddel-virksomhet Mottak, slakting og produksjon av fiskerivarer og muslinger m.m. Produksjon av fiskerivarer og muslinger m.m. - lokal og marginal omsetning (registreringspliktig). Foredling – fiskerivarer (godkjenningspliktig) 
Produserer mjølkeproduktNy næringsmiddel-virksomhetProduksjon av meieriprodukter Produksjon av melkeprodukt – lokal omsetning (registreringspliktig) - eller Velg type produkt (godkjenningspliktig) 
Produserer kjøttproduktNy næringsmiddel-virksomhet Produksjon av kjøtt og kjøttprodukter Produksjon av kjøtt og kjøttprodukter – lokal og marginal omsetning (registreringspliktig) - eller Velg type produksjon (godkjenningspliktig) 
Bakar brød/flatbrødNy næringsmiddel-virksomhet Produksjon av baker- og konditorvarer Produksjon av ferske bakervarer / Produksjon av tørre bakervarer 
Sel vilt, fersk fisk, honning, egg. Serverer eller sel mat.Ny næringsmiddel-virksomhet Detaljomsetning og servering av mat og drikke* Omsetning av animalsk råvare direkte fra produsent (vilt, fisk, honning, egg). Servering/Utsalg og fleire.  Du skal legge til alle aktuelle produksjonsformer 
Serverer eller sel mat på bondens torg, marknader, festival, fruktbod langs vegen mv.  Ny næringsmiddel-virksomhet Detaljomsetning og servering av mat og drikke** Leilighetsvis/mobilt salg av næringsmidler. Mobilt salg av fiskerivarer.
Fiskar Ny primærproduksjon og transport av fiskerivarer og muslinger m.m. Fiske Fiske 
Sankar ville vekster, t.d. urter, sopp og bær Kontakt ditt lokale mattilsyn for registrering Sanking  
Har eiga vasskjelde Registrere vannforsyningssystem   


*
For aktiviteten "Detaljomsetning og servering av mat og drikke" skal du og velje "håndteringsform". Dette for å spesifisere kva for risikonivå du ligg på når det gjeld håndtering. Du treng berre gjere eitt val og du vel det som har høgast risiko. Alternativa er satt opp med høgst risiko først:

  1. Tilberedning av ferdigvare fra lett bedervelig råvare
  2. Videre bearbeiding av lettbedervelig halvfabrikata
  3. Enkel behandling av lettbedervelig ferdigprodusert vare
  4. Omsette ferdigpakket lett bedervelig vare
  5. Omsette ikke lett bedervelig vare

**Som hovudregel skal du registrere ein aktivitet ein gong. Unntaket er for flyttbare utsal ("Leilighetsvis/mobilt salg av næringsmidler" og "mobilt salg av fiskerivarer") som skal vere for seg sjølv direkte under aktiviteten "Detaljomsetning og servering av mat og drikke".

Se også:

Publikasjoner

Fant du det du lette etter?