Lokalmat – drikkevatn frå eiga vasskjelde


Publisert 19.02.2014 | Sist endret 29.03.2017
Brønn Lokalmat
Foto: Mattilsynet

Når du driv næringsmiddelverksemd og har eiga vasskjelde er du ein vassverkseigar. Du er ansvarleg for at det vatnet du bruker og/eller serverer er trygt. Krava finn du i Drikkevassforskrifta, som kom ny i 2017.

Drikkevassforskrifta (Lovdata) 

Du må registrere vassforsyninga via skjematenesta i Mattilsynet. Skjemaet heiter "Registrere vannforsyningssystem".

Det er viktig å ha ei god vasskjelde som er sikra mot forureining. Vatnet skal som regel desinfiserast før bruk, sjå meir under «Hygieniske barrierar». Du må utarbeide internkontroll for drifta av vassverket, og du må jamleg ta prøver for å dokumentere at vatnet er helsemessig trygt.

Dette er viktige punkt du må passe på når du har eiga vasskjelde:

Sikring av brønn

Brønntoppen må vere tilstrekkeleg over bakkenivå og vi tilrår minimum 40 cm over bakken. Det er viktig med god drenering rundt brønnen for å hindre innsig av overflatevatn. For å unngå forureining og å hindre smågnagarar og andre dyr frå å kome inn i brønnen, må han vere tett. Lokket bør ha lås. Brønntoppen på ein borebrønn bør du sikre med brønnhus eller kum.

For borebrønn bør du ha brønnskjema frå boringsfirmaet. I brønnskjemaet skal det stå informasjon om korleis brønnen er utforma, til dømes lengda på fôringsrøyr, kor djup brønnen er og kor vassinnslaga kommer inn nede i brønnen (meter ned).

Meir detaljert informasjon finn du på «Grunnvann i Norge».

Tilsigsområde

Du må sikre deg at det ikkje er fare for tilsig frå forureiningskjelder. Eksempel på dette er kloakk frå eige hus, nabohus eller hytter, avrenning frå jordbruk, oljelekkasje frå jordbruksmaskiner, avføring frå beitedyr eller ville dyr. Ofte er det nødvendig å gjerde inn brønnområdet. Du må ha rutine for tilsyn med tilsigsområdet, t.d. ut til 100-200 meter frå brønnen.

Hygieniske barrierar

Drikkevassforskrifta har krav om at vern av vasskjelda og behandling av vatnet til saman skal gi tilstrekkelege hygieniske barrierar. Dei hygieniske barrierane skal hindre at drikkevatnet inneheld smittestoff eller kjemiske stoff i slike mengder at vatnet kan vere ein risiko for helsa. Vanlegvis er det godt nok med god kvalitet på råvatnet (vatnet rett frå vasskjelda) og desinfeksjon. Det er vanleg å desinfisere ved hjelp av UV-lys i små vassforsyningssystem.

I enkelte tilfelle der det er ein godt sikra grunnvassbrønn og vassprøver tatt over tid syner god kvalitet, er det kanskje ikkje behov for å desinfisere vatnet. Dette må du finne ut i samråd med Mattilsynet. I små verksemder med lite omfang, t.d. rømmeproduksjon på seter, kan du finne enklare løysingar for å sikre trygt vatn. Koking av vatnet kan vere ei løysing i slike høve. Dette må og vere i samråd med Mattilsynet.

Vassbehandling/UV-desinfeksjon

Før innkjøp av eit UV-anlegg er det viktig å ta prøve av råvatnet (vatnet frå brønnen), for å få eit anlegg som er tilpassa og dimensjonert for ditt bruk/ditt vatn. Det er viktig å undersøkje UV-transmisjon, fargetal og turbiditet. Avhengig av grunnforhold kan andre undersøkingar (parametrar) og vere aktuelle. Spør leverandøren av UV-anlegget om eit kapasitetsdiagram for å få informasjon om kor stor vassmengde anlegget kan behandle ved ulike verdiar for UV-transmisjon.

I internkontrollen må du ha system for kontroll av UV-anlegget som t.d. reingjering av kvartsglas, skifte av lamper, reingjering og kalibrering av UV-sensor og kontroll med varsellamper.

Leidningsnett

Du bør vite kvar vassleidningane er, og det kan vere nyttig å teikne dei inn på eit kart. Du bør også vite kva materiale vassleidningane er laga av. Avhengig av vasskvaliteten kan det frå tid til anna vere behov for reingjering av vassleidningane, og du bør derfor ha tenkt gjennom korleis det skal skje. Ved sesongdrift må du ha rutinar for opning og stenging.

Internkontroll

Du skal ha internkontroll for å sikre trygt vatn og for å dokumentere at du følgjer krava i drikkevassforskrifta. Internkontrollen skal bygge på kartlegging og handtering av farar (Lovdata), og vere tilpassa vassverket. Det betyr at du må kjenne heile vassforsyningssystemet godt, som t.d. vasskjelda med tilsigsområdet, inntaket, brønnen, UV-anlegget.

Du må ha kompetanse og oversikt over kva punkt du spesielt må passe på så vatnet ikkje vert forureina eller borte. Til dømes kan overflatevatn kome inn i brønnen under snøsmelting eller ved store mengder nedbør, lauv kan tette inntaket om hausten, og i tørre periodar kan brønnen gje for lite vatn. Du må vurdere kva driftsrutinar som er nødvendige for å sikre trygt og nok vatn. Internkontrollen for vassforsyninga kan vere ein del av internkontrollen for matproduksjonen.

Prøvetaking

For å dokumentere at vatnet er trygt, må du ta nokre prøver i driftsperioden og før sesongstart. Kor ofte og kva slags analysar er avhengig av storleiken på vassverket, type kjelde, vassbehandling og kva for drift det er i verksemda.

I vedlegga til drikkevassforskrifta står kvalitetskrava. Du må vurdere kva som er aktuelt for di vassforsyning og setje opp ein skriftleg plan for prøvetaking (Lovdata). Du kan ta kontakt med det lokale Mattilsynet for rettleiing. Det laboratoriet du bruker kan kanskje også hjelpe til med å sette opp prøvetakingsplanen. Prøveresultata må du vurdere opp mot krava i regelverket og også sjå på utvikling opp mot tidlegare resultat.

Beredskap – plan for kva du gjer når krisa oppstår

Du må ha tenkt gjennom og lagt ein plan for kva du vil gjere

  • dersom det plutseleg ikkje er vatn eller for lite vatn
  • dersom vatnet ikkje er brukande på grunn av forureining

Skal du stenge verksemda? Skal du få køyrd vatn til brønnen? Skal du kjøpe/hente vatn frå godkjent vassverk til serveringsverksemda?

Varsling ved overskriding av grenseverdiar og tiltaksgrenser

Det er krav om at du varslar Mattilsynet ved overskridingar som kan føre til helsefare. Det gjeld grenseverdiar i vedlegg 1 (Lovdata) eller tiltaksgrenser i vedlegg 2 (Lovdata) i drikkevassforskrifta. Du er sjølvsagt ansvarleg for å finne årsak og gjere tiltak for å hindre at dette skjer fleire gonger.

Dersom du leverer vatn til andre t.d. til utleigehytter, må du også varsle desse.

Les meir om:

 

Publikasjoner

Spørsmål og svar

Regelverk og veiledning

Fant du det du lette etter?