Mattilsynet med tilsynskampanje om listeriatiltak i lakseslakteri

Publisert 13.01.2021     Sist endret 13.01.2021

Mattilsynet gjennomfører i 2021 ein tilsynskampanje i alle lakseslakteria der vi skal undersøke tiltak og rutinar for å hindre at fisken blir forureina med listeriabakterien.

Listeria monocytogenes kan gje sjukdomen listeriose. Dei fleste av oss blir ikkje sjuke av bakterien, men gravide, born, eldre og personar med nedsett immunforsvar er utsette. Listeria formeirar seg ved kjøletemperatur, overlever frysing, salting og røyking, men blir drepen ved tilstrekkeleg varmebehandling.

- Sidan laks og aure i stor grad blir eten utan varmebehandling og brukt til spiseferdige produkt som sushi, sashimi, røykt og grava fisk, er det viktig at produsentane har effektive tiltak mot Listeria, seier Elisabeth Wilmann, direktør for fisk og sjømat i Mattilsynet.

Fleire listerioseutbrot i EU-land for nokre år sidan

I 2018 og 2019 var det alvorlege listerioseutbrot i fleire EU-land knytt til konsum av røykte, grava og marinerte fiskeprodukt. Råvarene var norsk laks og aure. Produkta vart spora tilbake til foredlingsanlegg i Polen og Estland, men ein kunne ikkje utelukka at råvarene frå Noreg var forureina.

- At norsk laks og aure er blitt knytt til alvorlege sjukdomsutbrot, er ein av årsakene til at Mattilsynet gjennomfører tilsynskampanjen. Ein annan grunn er at stadig fleire land stiller krav med omsyn til Listeria i norsk fisk, fortel Wilmann.

Mattilsynet si erfaring er at norske lakseslakteri generelt har god kunnskap om mikrobiologiske farar i fisk, og at det vert arbeidd målretta med tiltak mot Listeria.

- Samstundes veit vi at det med jamne mellomrom blir påvist Listeria i produksjonsmiljøet i norske slakteri, seier Wilmann.

Mattilsynet skal rettleie, klargjere ansvar og få oversikt

I kampanjen skal Mattilsynet undersøke slakteria sine tiltak, prøvetaking og rutinar for avviksbehandling.

- Vi legg vekt på å rettleie. I tillegg skal vi klargjere regelverket og ansvaret slakteria har for å hindre at det kjem utrygge produkt på marknaden, seier Wilmann.

Målet er å kontrollere alle lakseslakteri og fartøy som slaktar laksefisk. Kampanjeperioden er 15. januar til 1. september, og sluttrapporten vert publisert mot slutten av 2021. Det kan vere aktuelt å gjennomføre ein del av kontrollane digitalt grunna koronarestriksjonar.

Mattilsynet gjennomfører i 2020-2021 også eit overvakings- og kartleggingsprogram for å kartlegge status når det gjeld Listeria.

- Ved å skaffe oss betre oversikt over status når det gjeld Listeria i laksefisk, vil vi bli i betre stand til å bidra i oppklaring av eventuelle framtidige sjukdomsutbrot, avsluttar Wilmann.

Les meir på nettsida for tilsynskampanjen

Fant du det du lette etter?