Faktaartikkel

Oppdretta laks og regnbogeaure har ikkje krav om frysing

Publisert 20.08.2018     Sist endret 12.08.2021

Det er trygt å ete rå oppdretta atlantisk laks og regnbogeaure utan at fisken har vore frosen. Studiar stadfestar at det er svært liten fare for funn av parasitten Anisakis i desse artane. Det er derfor ikkje naudsynt å fryse oppdretta laks og regnbogeaure for å drepe parasittar.

Det er eit generelt krav at fiskevarer som skal etast rå må ha vore frosen, dersom parasittar i produktet kan utgjere ei helsefare. Formålet med frysebehandlinga er å ta livet av moglege parasittar.

Oppdretta laks og aure er fritatt frå kravet om frysing. Studiar gjort av Havforskningsinstituttet viser at det er lite truleg at oppdretta atlantisk laks og regnbogeaure kan innehalde Anisakis.

Rapportane stadfestar konklusjonen i rapporten Scientific Opinion on risk assessment of parasites in fishery products frå European Food Safety Authority (EFSA) frå 2010, som var basert på data frå ulike land som produserer oppdretta laks, inkludert Noreg.

Årsaka til at oppdretta laks og regnbogeaure ikkje har Anisakis, er mellom anna at dei heile livet berre vert fôra med varmebehandla tørrfôr. Slikt fôr inneheld ikkje levande parasittar.

Føresetnadar for fritak frå krav om frysing

Fritak frå krav om frysing er gitt i Animaliehygieneforskrifta kap IX. Fritaket føreset at

  • fisken er oppdretta på tørt fôr gjennom heile livssyklusen
  • driftsansvarleg kontinuerleg vurderer og har rutinar som sikrar at produksjonstilhøva ved anlegget gjer at parasittar ikkje er ei fare for mattryggleiken
  • driftsansvarleg straks melder frå til Mattilsynet om endringar i produksjonstilhøva som har betydning for kontrollen med fråvær av parasittar

Vurderingar og rutinar som er nemnt bør inkludere tilhøve som er kjend frå vitskapelege rapportar, som årstid, ulike område i landet, hav kontra fjord, bruk av leppefisk, førekomst av sjøpattedyr med vidare. Eigne prøvar kan også vere ein del av slike rutinar.

Meldeplikt ved funn av parasittar

Alle funn av parasittar i oppdrettsfisk som skal etast rå eller nesten rå skal straks meldast til Mattilsynet.

Dette gjeld både funn av døde og levande parasittar, og uavhengig av art, sidan begge delar kan gi informasjon om eventuell førekomst av parasittar i oppdretta fisk.

Det er driftsansvarleg for akvakulturanlegget og verksemder som seinare handterer fiskerivarer som har plikt til å melde.

Tidsavgrensa til 31. desember 2021

Fritak frå krav om frysing gjeld fram til 31. desember 2021.

Ei eventuell forlenging av fritaket avheng av dokumentasjon næringa kan leggje fram i form av eit generisk prøvetakingsprogram eller liknande.

EU sin rettleiar om løysing til å gje eit slikt frysefritak nemner prøvetakingsprogram for å sikre kunnskapsgrunnlaget som ligg bak eit frysefritak.

Andre artar og produksjonstilhøve

Det er ikkje gitt generelt fritak frå krav om frysing av andre oppdretta artar som skal etast rå eller nesten rå. Andre artar kan få fritak dersom det kan leggast fram tilstrekkeleg dokumentasjon på fråvær av levedyktige parasittar.

Fisk som er oppdretta i lukka anlegg fri for levedyktige parasittar, og som er fôra på tørt fôr gjennom heile livssyklusen, er fritekne frå kravet om frysing. Driftsansvarleg må likevel vise at dei har gode rutinar og praksis for drift av produksjonssystemet sitt.

Opplysningar som skal følgje varene

Ved omsetning må driftsansvarleg sikre at fiskerivarene kjem frå oppdrettsanlegg som oppfyller dei særlege vilkåra i regelverket.

Driftsansvarleg må også vise til prosedyre ved fritak frå krav om frysing stadfesta av Mattilsynet, og stadfeste at dei fylgjer tilleggsvilkåra gitt her.

Driftsansvarleg må stadfeste fylgjande vilkår:

  • Fiskerivara er oppdretta på tørrfôr gjennom heile livssyklusen
  • Kontinuerleg vurdere og har rutinar som sikrar at produksjonstilhøva ved anlegget tilseier at parasitter ikkje er ei fare for mattryggheita.
  • Rutinar for straks å melde frå til Mattilsynet om endringar i produksjonstilhøva som har betydning for kontrollen med fråvær av parasitter.

Opplysningane må fylgje kvar batch/sending med fiskerivarer i handelsdokument eller anna informasjon som fylgjer vara, elektronisk eller fysisk. Opplysningane som fylgjer varen må vere datert og driftsansvarleg må ha rutinar for å oppdatere opplysningane med jamne mellomrom.

Sjå også:

Endringslogg

12.08.21Lagt inn att frysefritaket er tidsavgrensia til 31. desember 2021.
04.05.21Rettet i lenke til lovdata som var feil.
29.04.21Spesifisert krava til informasjon som skal følgje varene.
Fant du det du lette etter?