Slakting av landdyr


Publisert 14.01.2013 | Sist endret 14.06.2017

Verksemder som produserer kjøtt og kjøttvarer er ansvarlege for at kjøttet er trygt. Mattilsynet fører tilsyn med at verksemdene fylgjer regelverket. Mattilsynet kontrollerer og godkjenner alt slakt.

Slakteri

Hygiene og dyrevelferd/ dyrehelse

Ein driv slakteri for å produsera mat til folk. Det er hovudformålet. Men ein har med levande dyr å gjera, og regelverket sett krav og folk flest tar det som sjølvsagt at ein behandlar dyra skikkeleg så lenge dei er i live. I tillegg er dyrehelse eit høgst aktuelt tema i samband med slakting.

Alle slakteri må derfor retta seg både etter regelverket for  hygiene  og  regelverk for dyrevelferd og dyrehelse. Det gjeld store, industrielt drivne slakteri, det gjeld mindre slakteri heilt ned til gardsnivå, og det gjeld mobile slakteri.

  • Hygiene
  • Dyrevelferd/ dyrehelse

Sjå meir om hygieneregelverket  i artikkelen om Produksjon av kjøtt og kjøttprodukt.

Tidlegare var det ulike hygienekrav for store og små slakteri. For små slakteri  var det då ikkje fullt så strenge krav til det bygningsmessige og til rutinar. Men det er oppheva og nå er hygienekrava dei same. Den einaste skilnaden nå er at ein ved visse slakteri kan leggja opp til ein enklare kjøttkontroll (jf. nedføre).

Sporing og merking av dyr og kjøtt

Hygieneregelverket krev at slaktedyr skal kunne identifiserast og at dei skal kunne sporast til opphavsbesetningen. Årsaken er både det at slakteriet skal ha oversikt over og kjennskap til kva dei tar inn på  anlegget sitt. Og i tillegg kjem dei spesielle krava for storfe og storfekjøtt som blei innført etter kugalskapssaka. Storfekjøtt skal merkast med kvar dyret er fødd, kvar det er oppdretta og kvar det er slakta.   Det må vera system og rutinar på plass som sørger for at slakteri og kjøttverksemder får dei opplysningane.

Matkjedeinformasjon

Alle slaktedyr har hatt eit liv før døden. Før begynte kontrollen då dyra kom til slakteriet, nå skal det vera system som sørger for at både slakteriet og kontrollmyndigheten får opplysningar om det som har hendt med dyret fram til slakting. Dette blei innført med det nye hygieneregelverket og det ligg store moglegheiter her, men fram til nå har me dessverre ikkje fått noko godt system på plass for dette. 

Det ligg eit juridisk krav på bønder som har matproduserande dyr om å ha system og rutinar og derfor visse registreringar . Det ligg òg eit juridisk krav på slakteria. For alle dyr som blir sende til slakteriet skal dei spørja etter, ta imot, kontrollera og reagera på opplysningar om næringsmiddelkjeden.   Slakteria skal ikkje ta imot dyr utan at det fylgjer slik matkjede-informasjon med dyra. Og slakteria skal ta i mot desse opplysningane 24 timar før dyra kjem. Inntil vidare har Mattilsynet gitt eit unntak frå denne 24-timars regelen. 

Konkret gjeld matkjedeinformasjonen opplysningar om:

  • Restriksjonar pga. dyresjukdommar
  • dyra sin helsetilstand
  • bruk av medisin
  • sjukdommar som kan virka inn på om kjøttet er trygt
  • prøvetaking
  • opplysningar frå tidlegare levering av slaktedyr (kjøttkontrollen sine funn)
  • data frå produksjonen (f.eks. tilvekst)
  • veterinær/ veterinærkontor

Fleire dyreartar

I det gamle regelverket var det detaljerte reglar for innreiinga i slaktehallen dersom det skulle slaktast gris i tillegg til andre dyreartar. Det er vekke nå. Men i staden står det nå at dersom verksemdene er godkjende for slakting av fleire dyreartar, må dei på førehand ha sikra at ein hindrar kryssforureining. Det skal ein gjera ved å utføra arbeidsoperasjonane på dei ulike dyreartane til ulike tidspunkt eller på ulike stader.  Og det er òg ei nærare presisering for noko av slaktinga, både når det gjeld det bygningsmessige  og når det gjeld utføringa av slakteprosessen.  

Dersom verksemdene også er godkjende for å handtera skrottar av oppdrettsvilt og viltlevande vilt, og dei tar imot uflådde skrottar av oppdrettsvilt og viltlevande vilt, må det vera eigne lokal for det.  

Nødslakt

Det nye hygieneregelverket har innsnevra nødslaktinga til å bare vera for dyr som er blitt hardt skada (dei har komme ut for ei “ulykke”). Sidan ein då ikkje lenger kan transportera dei av dyrevelferdsgrunnar, må dei avlivast på staden, og så kan ein transportera det avliva dyret inn til slakteri og slaktebehandla det ferdig.

Tidlegare brukte ein omgrepet “hasteslakt” om dyr som av dyrevelferdsgrunnar måtte slaktast same dagen som dei blei transportert inn til slakteri. Denne praksisen er framleis lovleg, då Mattilsynet kan tillata at matkjedeinformasjonen fylgjer med slaktet inn i slike høve.

Sjuke dyr kan ein ikkje lenger nødslakta. Ei eventuell sanitetsslakting må godkjennast av Mattilsynet. Og dyr som ikkje høver som folkemat, må ein få avliva og sendt til destruksjonsanlegg.

Nødslakteordningen – bare allment friske dyr kan nødslaktes 

Veterinær helse-/slakteattest for skadde dyr som må avlives før transport til slakteri (bokmål)

Slaktebiprodukt

Hygieneregelverket kaller dette òg for “spiselege biprodukt”. Etter kvart har det igjen blitt fokus på å utnytta meir av slaktet. Og det er mykje som kan nyttast til folkemat, men då må ein leggja til rette for å sikra at det kan bli produsert under forsvarlege hygieniske forhold. 

Avfall

I kjølvatnet av kugalskapssaka har me òg fått eit nytt og omfattande regelverk for handtering av avfallet – det som nå kallest animalske biprodukt.

 

Sjå meir informasjon her:

Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven)

Lov om dyrevelferd (dyrevelferdsloven) 

Kjøtt og kjøttprodukter

Sporbarhet og merking av husdyr

Næringsmessig transport av dyr

Smitte mellom dyr og mennesker 

Smitte fra mat og vann 

Hvilke regler gjelder for slakting av hest? 

Publikasjoner

Fant du det du lette etter?