Histamin


Publisert 01.01.2013 | Sist endret 18.05.2015

Høge konsentrasjonar av histamin i matvara kan gje allergiliknande symptom hos menneske. Histamin er eit såkalla biogent amin, og kan ved hjelp av enkelte bakteriar bli omdanna frå aminosyra histidin, som finst i visse matvarer.

Histaminforgifting er ofte knytt til fiskeprodukt, særleg tunfisk, makrell og sild. Desse fiskesortane inneheld mykje histidin, og spesifikke bakteriar i det maritime miljøet kan produsere enzym som omdannar histidin til histamin. Andre biogene amin finst også i ost, raudvin, tomat og enkelte andre matvarer.

Histaminforgifting er sjeldan i Noreg. I 2006 var det eit utbrot der 12 personar vart forgifta etter å ha ete tunfisk. I 2008 vart det varsla om eit utbrot der 5 personar vart sjuke etter å ha ete makrell.

Symptom på histaminforgifting er: Raudleik, ødem i hud, kvalme, oppkast, diaré, fall i blodtrykk, hovudpine og brennande kjensle i munnen.

Utvikling av histamin i matvara er temperaturavhengig. I tillegg til låg lagringstemperatur, er god hygiene i produksjonen viktig for å hindre utvikling av histamin. Mattilsynet stiller særskilte krav til produsentar når det gjeld kjølelagring og hygiene, i tillegg til at fisken skal haldast innanfor gitte grenseverdiar for histamin.

Se også: Folkehelseinstituttet: Histaminforgiftning

Fant du det du lette etter?