Kva er undersøkt: | VKM har vurdert kor stor mengde Listeria monocytogenes ein forbrukar kan få i seg ved å ete sushi, og kva som påverkar kor sannsynleg det er at gravide og utsette grupper får i seg bakterien i mengder som kan gi sjukdom. Med sushi meiner ein i denne samanheng matrettar laga av eddikmarinert ris med mellom anna rå eller varmebehandla fisk eller skaldyr. Sashimi er også inkludert i vurderinga. |
Overleveringsdato: | 21. juni 2019 |
Kva leitte VKM etter? | Kor sannsynleg det er at gravide og andre utsette grupper utviklar listeriose ved konsum av sushi. Data om førekomst av Listeria i råvarer og sushi, og om lagringstilhøve og forbruk, er i følge VKM mangelfulle. VKM har difor ikkje vurdert risiko for sjukdom. I staden har VKM tatt utgangspunkt i at alle råvarer er forureina med listeriabakterien, og ved hjelp av realistiske scenario for lagring og behandling, vurdert kor stor mengde bakteriar ein forbrukar kan få i seg i ferdig sushi. Effekt av tiltak som forbrukarane sjølv kan gjere for å redusere faren for å bli sjuk er også vurdert. |
Kva er vurderinga: | VKM si vurdering er at riktig lagring av råvarer og god hygiene, spesielt tidleg i prosessen frå råvare til spiseferdig mat, er viktig for å unngå at sushi inneheld listeria i mengder som kan føre til sjukdom. I følge VKM er det særleg tre tilhøve som påverkar kor sannsynleg det er at gravide og utsette grupper vert eksponert for listeriabakterien i sushi i mengder som kan føre til sjukdom:
|
Listeria monocytogenes i sushi - Vurdering av helseråd til gravide og andre utsette grupper

Mattilsynet bad Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) om risikovurderinga for å oppdatere råd og åtvaringar til gravide og andre utsette grupper. Listeriabakterien kan gje sjukdommen listeriose. Listeriose kan mellom anna overførast frå mor til foster under graviditet og medføre livstruande sjukdom hos fosteret.