Tilsyn spiseklar sjømat 2016


Publisert 22.05.2017 | Sist endret 22.05.2017

I ein kontroll av 85 produsentar som lagar sjømat som ikkje skal varmebehandlast før forbrukaren et den – slik som til dømes røykt fisk, fisk til sushi og kokt skaldyr - fann Mattilsynet manglar hos 6 av 10 verksemder.

Kva er undersøkt:85 produsentar over heile landet av spiseklar sjømat, dvs. sjømat som ikkje skal varmebehandlast før ein et den.
Tidsrom:2016
Kva leitte vi etter:
  • Rutinar for prøvetaking av Listeria i produkt og lokale.
  • Parasittkontroll
  • Internkontrollsystem
Kva vart funne:
  • Alt i orden hos 28 verksemder, 6 hadde mindre manglar der det var påpeikt plikt, medan hos 51 vart det funne manglar som enda med varsel eller vedtak.  Ingen stengd eller gitt omsetjingsforbod grunna mogleg helsefare.
  • Dei fleste avdekka manglane knytt til dårlege rutinar for listeriaprøvetaking og manglande internkontroll.
  • Nokre produsentar hadde dårlege vedlikehaldsrutinar, fare for kryssforureining, dårleg reinhald.
  • Få manglar på parasittkontroll.

Publikasjoner

Fant du det du lette etter?