Kva er beriking?


Publisert 11.12.2012 | Sist endret 21.01.2013

Når ein snakkar om «beriking» meiner ein som oftast tilsetjing av vitamin og mineral til næringsmiddel ut over det som finst naturleg i næringsmiddelet.

Dersom befolkninga som heilhet, eller store grupper i befolkninga har eit for lavt inntak av eit eller fleire vitamin eller mineral, kan tilsetjing av desse vitamina og minerala til matvarer være gunstig for helsa. Men det er også slik at eit for høgt inntak av vitamin og mineral kan ha negative konsekvensar for helsa. I nokre tilfelle kan det vere direkte helseskadeleg.

Omgrepet «beriking» brukast også om tilsetjing av andre stoff som har ernæringsmessig eller fysiologisk effekt. Omgrepet brukast ikkje i regelverket. Mattilsynet vil fase ut bruken av omgrepet «beriking» i sin omtale av tilsetjing av vitamin, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel.

Tilsetting av vitamin, mineral og aminosyrer til matvarer er søknadspliktig i Noreg.

Les meir om kva beriking er på Matportalen.no: Forbrukerinformasjon om beriking

Les om regelverket for tilsetting av vitamin, mineral og visse andre stoff til næringsmiddel, søknadsplikta og korleis Mattilsynet handsamar dette regelverket her på temasida for Tilsatte vitaminer, mineraler og andre stoffer

Fant du det du lette etter?