Privat import av planter og frø

Publisert 06.09.2012     Sist endret 12.12.2022

Med smitteberande emne meiner vi blant anna:

  • Planter og plantedelar
  • Frø av tomat og løk
  • Potet 
  • Tre, trelast og tømmer
  • Jord og dyrkingsmedier

Komplett liste over alle varer som skal vera fulgt av eit plantesunnhetssertifikat ved import finn du i vedlegg 5a i forskrift om plantehelse.

Reglar for privat planteimport:

Skal du handle planter på nett eller på utlandstur, eller ta med deg planter i flyttelass frå utlandet, må du vera sikker på at det blir gjort i samsvar med regelverket som gjeld for slik import. Du som privatperson kan ikkje utan vidare ta med deg planter og andre smitteberande emne, som for eksempel jord, plantedelar og tre frå utlandet inn i Noreg.

Ved import av planter, plantedelar, jord, frø, frukt og grønsaker, er det ein risiko for at det kan følgje med uønska planteskadegjerarar som blindpassasjerar. Disse skadegjerarane kan være insekt, virus, bakteriar og andre organismar, som har eit potensiale til å gjere stor skade på plantene våre, både i jordbruket, skogbruket og naturen. I Noreg har vi derfor eit strengt regelverk som skal sikre ei god plantehelse i landet vårt. Dette avgrensar kva ein kan importere og korleis.

 

Regelverk og veiledning

Regelverk under utvikling

Kontakt oss

Mattilsynets sentralbord
telefon 22 40 00 00

 

Relaterte kunngjøringerNyhetsbrev

Motta nyhetsbrev om temaet:
Import av planter mm. Regelverksendringer og andre kunngjøringer tilknyttet dette temaet

Relaterte kunngjøringer