Påvist pærebrann i vintermispel i planteskule i Vestland

Publisert 24.06.2021     Sist endret 02.07.2021
Planter med pærebrann
Foto: Mattilsynet

Det er påvist pærebrann i vintermispel og svartsurbær på Sunnhordland planteskule i Sveio kommune i Vestland fylke.

Det er sendt ut vintermispel frå planteskulen til mottakarar mange stader i landet.

Mattilsynet følgjer desse opp, og oppmodar dei og andre om å vere på vakt for smitte av pærebrann.

Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom i eple- og pæredyrking og er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Sjukdommen er etablert i delar av landet, og hovudmålet med Mattilsynet si handtering av sjukdommen er å hindre at den spreier seg til område med kommersielt viktig fruktdyrking. 

Les meir: Pærebrann i Sunnhordland i 2021

Fant du det du lette etter?