Pærebrann i Sunnhordland i 2021

Publisert 02.07.2021     Sist endret 16.07.2021
Planter med pærebrann
Foto: Mattilsynet

Det er påvist pærebrann i vintermispel og svartsurbær på Sunnhordland planteskule i Sveio kommune i Vestland fylke. Det er sendt ut vintermispel frå planteskulen til mottakarar mange stader i landet. Mattilsynet følgjer desse opp, og oppmodar dei og andre om å vere på vakt for smitte av pærebrann.

Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom i eple- og pæredyrking og er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Sjukdommen er etablert i delar av landet, og hovudmålet med Mattilsynet si handtering av sjukdommen er å hindre at den spreier seg til område med kommersielt viktig fruktdyrking. 

Bakgrunn

I juni vart det påvist pærebrann i vintermispel og svartsurbær på Sunnhordland planteskule i Sveio kommune i Vestland fylke. Planteskulen observerte sjølv symptoma og melde frå til Mattilsynet.

Sunnhordaland planteskule har fått varsel om destruksjon av alle vertplanter for pærebrann, og partiet der det først var funne smitte er destruert. I ettertid er det også påvist smitte fleire andre stader på planteskulen.

Vi veit ikkje når smitten kom inn i planteskulen, men det er lite potensiale for at smitten spreier seg tidleg på året.

Sunnhordland planteskule ligg i den delen av Vestland fylke som er definert som «pærebrannsone», det vil sei ei sone der pærebrann er utbreidd. Her blir ikkje pærebrann nedkjempa i offentleg regi, med unntak av ei sone rundt produksjonsverksemder og hagesenter/ planteutsal.

Alle vintermispel levert frå Sunnhordland planteskule AS i mai og juni er trekt tilbake frå omsetnad

Planteskulen og Mattilsynet har vore i kontakt med alle hagesenter, planteskular og planteutsal som i mai og juni har mottatt vintermispel. Mattilsynet har gitt vedtak om destruksjon av resterande planter frå partiet, og det er no ikkje lenger planter i omsetnad.  Sunnhordland planteskule har fått vedtak om destruksjon av alle vertplanter for pærebrann på produksjonsstaden.

Til deg som har kjøpt vintermispel produsert ved Sunnhordland planteskule av sortane ‘Hjeltnes’, ‘Skogholm’ eller ‘Coral Beauty’ i mai eller juni frå:

  • Ole Myren Gartneri
  • Hageland Kolsås
  • Hageland Amundsen
  • Tysnes Blomster & Interiør
  • Hageland Kvinesdal
  • Måløy Glassmagasin as
  • Hageland Hokksund
  • Hageland Skajem
  • Hageland Kråkstad
  • Plantebørsen Brødrene Bergem AS

Gjeld dette deg, skal du kaste planten i restavfallet. Pakk planten inn i ein vanleg pose. Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med hagesenteret der du kjøpte plantene.

Kva planteskular og fruktdyrkarar generelt bør gjere

Det er i år gunstige forhold for infeksjon av pærebrann. Mattilsynet oppmodar derfor kommersielle produsentar av eple og pære, samt planteskular som produserer mottakelege vertplanter til å:

Være på vakt for smitte av pærebrann både i frukthagen/planteskulen og i området rundt. Vær også merksam på smitte i småblada mispel (vintermispel og krypmispel).

Melde frå til Mattilsynet ved mistanke om pærebrann. Ta gjerne kontakt med rådgjevingstenesta før du kontaktar Mattilsynet.

Rydde lett mottakelege vertplanter rundt planteskulen/frukthagen. Det er  gjort eit omfattande kartleggings- og ryddearbeid for å hindre at sjukdommen vert spreidd til viktige fruktdistrikt og til nærområda til planteskular. Dette er ei oppgåve som det offentlege ikkje kan klare åleine, difor er det svært viktig at alle bidreg til å fjerne dei mest mottakelege vertplantene (bulkemispel og pilemispel).

Kva kan du som privatperson gjere sjølv?

For å stoppe vidare spreiing av pærebrann oppfordrar vi alle til å fjerne lett mottakelege vertplanter som bulke- og pilemispel. Dette er den beste måten å hindre at pærebrann spreier seg videre.

Fjern misplane frå hagen ved å kappe plantene heilt ned. Planteavfall kan du legge på kompost eller flise opp og legge tilbake i bedet.

Det finns ingen lovlege kjemiske plantevernmiddel mot pærebrann, men du kan hindre gjenvekst av planta ved å bruke glyfosat på stubben. Glyfosat er eit plantevernmiddel og må behandlast deretter. Følg instruksjonane på emballasjen.

Les meir om pærebrann på våre nettsider

Fant du det du lette etter?

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål eller mistanke om smitte av pærebrann

Region Sør og Vest: sorogvest.planteteam@mattilsynet.no

Region Øst: plantevaktost@mattilsynet.no

Region Midt: Plantevakt.Midt@mattilsynet.no

Region Stor-Oslo: Stor-Oslo.planter.import.og.eksport@mattilsynet.no



Kontaktinformasjon

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål eller mistanke om smitte av pærebrann

Region Sør og Vest: sorogvest.planteteam@mattilsynet.no

Region Øst: plantevaktost@mattilsynet.no

Region Midt: Plantevakt.Midt@mattilsynet.no

Region Stor-Oslo: Stor-Oslo.planter.import.og.eksport@mattilsynet.no