Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom i eple- og pæredyrking som er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Sjukdommen er i Norge etablert i ytre kyststrok frå Agder til Møre. Hovudmålet for arbeidet med pærebrann er å hindre at sjukdommen spreier seg til område med kommersielt viktig fruktproduksjon og til deler av landet utan smitte.
I sommar er det til no funne pærebrann for første gong i følgjande kommunar i Vestland: Kvam, Masfjorden, Fjaler, Hyllestad, Bremanger, Solund, Etne, Vaksdal og Bjørnafjorden området aust for fjorden (tidlegare Fusa kommune).
Kva betyr dette for deg som birøktar
Flytting av bikubar frå eit område med pærebrann kan spreie smitten til nye område.
Det er det forbod mot å flytte bikubar ut av kommunar med pærebrann frå 1. mai til 10. oktober. Av omsyn til fruktdyrkinga i Kvam herad må bikubane her stå i ro til etter 10. oktober. Dette for å hindre at smitten spreier seg til andre delar av kommunen.
Det er også viktig at du registrerer bigardsplassane.
Dette bør planteskular og fruktdyrkarar gjere
Mattilsynet oppmodar kommersielle produsentar av eple og pære, samt planteskular som produserer mottakelege vertplanter til å:
- Være på vakt for smitte av pærebrann i frukthagen/planteskulen og i området rundt.
- Rydde lett mottakelege vertplanter (bulkemispel og pilemispel).
- Melde frå til Mattilsynet ved mistanke om pærebrann i planteskulen/frukthagen. Ta gjerne kontakt med rådgjevingstenesta før du kontaktar Mattilsynet.
Kva kan du som privatperson gjere
For å stoppe vidare spreiing av pærebrann oppfordrar vi alle til å:
- Fjerne lett mottakelege vertplanter som bulke- og pilemispel. Dette er den beste måten å hindre at pærebrann blir etablert og spreier seg vidare.
- Du fjernar mispelen frå hagen ved å kappe den heilt ned. Planteavfall kan du legge på kompost eller flise opp og legge tilbake i bedet. Du må kanskje også etter-rydde komande år, fordi plantene kan spire på nytt. Alternativt kan du bruke godkjente plantevernmiddel som hindrar gjenvekst på stubben.
- Det er gjort eit omfattande kartleggings- og ryddearbeid for å hindre at pærebrann vert spreidd til viktige fruktdistrikt og til nærområda til planteskular. Dette er ei oppgåve som det offentlege ikkje kan klare åleine, difor er det svært viktig at alle bidreg til å fjerne dei mest mottakelege vertplantene og unngår smittespreiing med bier og plantemateriale. Aksjon pærebrann 2021