Kunngjøring

Pærebrann påvist i Osterøy kommune

Publisert 24.09.2021     Sist endret 27.09.2021

Det er påvist pærebrann i bulkemispel i Osterøy kommune. Mattilsynet oppmodar planteskular, fruktdyrkarar og andre om å vera på vakt for smitte av pærebrann.

Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom i eple- og pæredyrking som er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Sjukdommen er i Norge etablert i ytre kyststrok frå Agder til Møre. Hovudmålet for arbeidet med pærebrann er å hindre at sjukdommen spreier seg til område med kommersielt viktig fruktproduksjon og til deler av landet utan smitte. 

Dette er første funn av pærebrann i Osterøy kommune. Mattilsynet vil no kartlegge omfanget av utbrotet av sjukdommen.

Dette bør planteskular og fruktdyrkarar gjere

Det er i år gunstige forhold for infeksjon av pærebrann. Mattilsynet oppmodar derfor kommersielle produsentar av eple og pære, samt planteskular som produserer mottakelege vertplanter til å:

  • Være på vakt for smitte av pærebrann både i frukthagen/planteskulen og i området rundt. Vær også merksam på smitte i småblada mispel (vintermispel og krypmispel).
  • Melde frå til Mattilsynet ved mistanke om pærebrann. Ta gjerne kontakt med rådgjevingstenesta før du kontaktar Mattilsynet.
  • Rydde lett mottakelege vertplanter (bulkemispel og pilemispel).rundt planteskulen/frukthagen. Det er gjort eit omfattande kartleggings- og ryddearbeid for å hindre at sjukdommen vert spreidd til viktige fruktdistrikt og til nærområda til planteskular. Dette er ei oppgåve som det offentlege ikkje kan klare åleine, difor er det svært viktig at alle bidreg til å fjerne dei mest mottakelege vertplantene. 

Kva kan du som privatperson gjere?

For å stoppe vidare spreiing av pærebrann oppfordrar vi alle til å: 

  • Fjerne lett mottakelege vertplanter som bulke- og pilemispel. Dette er den beste måten å hindre at pærebrann spreier seg videre.
  • Fjern misplane frå hagen ved å kappe plantene heilt ned. Planteavfall kan du legge på kompost eller flise opp og legge tilbake i bedet.
  • Det finns ingen lovlege kjemiske plantevernmiddel mot pærebrann, men du kan hindre gjenvekst av planta ved å bruke glyfosat på stubben. Glyfosat er eit plantevernmiddel og må behandlast deretter. Følg instruksjonane på emballasjen.

Les meir om pærebrann

Fant du det du lette etter?

Kontaktinformasjon

Nils S. Melbø, 91668440


Kontaktinformasjon

Nils S. Melbø, 91668440