Kunngjøring

Pærebrann påvist i Tysnes kommune og nordre del av Kinn kommune (tidl. Vågsøy)

Publisert 05.08.2021     Sist endret 05.08.2021
Foto: Mattilsynet

Det er påvist pærebrann i bulkemispel i Tysnes kommune og nordre del av Kinn kommune (tidlegare del av Vågsøy kommune). Mattilsynet oppmodar planteskular, fruktdyrkarar og andre om å vere på vakt for smitte av pærebrann.

Pærebrann er ein alvorleg plantesjukdom i eple- og pæredyrking som er forårsaka av bakterien Erwinia amylovora. Sjukdommen er i Norge etablert i ytre kyststrok frå Agder til Møre. Hovudmålet for arbeidet med pærebrann er å hindre at sjukdommen spreier seg til område med kommersielt viktig fruktproduksjon og til deler av landet utan smitte.

Dette er første funn av pærebrann i nordre del av Kinn kommune (tidlegare del av Vågsøy kommune). I søndre del av kommunen (tidlegare Flora kommune) vart pærebrann sist registrert i 2011. Pærebrann vart sist registrert på Tysnes i 2004.

Mattilsynet vil no kartlegge omfanget av utbrotet av sjukdommen.

Kva planteskular og fruktdyrkarar generelt bør gjere

Det er i år gunstige forhold for infeksjon av pærebrann. Mattilsynet oppmodar derfor kommersielle produsentar av eple og pære, samt planteskular som produserer mottakelege vertplanter til å:

Være på vakt for smitte av pærebrann både i frukthagen/planteskulen og i området rundt. Vær også merksam på smitte i småblada mispel (vintermispel og krypmispel).

Melde frå til Mattilsynet ved mistanke om pærebrann. Ta gjerne kontakt med rådgjevingstenesta før du kontaktar Mattilsynet.

Rydde lett mottakelege vertplanter rundt planteskulen/frukthagen. Det er gjort eit omfattande kartleggings- og ryddearbeid for å hindre at sjukdommen vert spreidd til viktige fruktdistrikt og til nærområda til planteskular. Dette er ei oppgåve som det offentlege ikkje kan klare åleine, difor er det svært viktig at alle bidreg til å fjerne dei mest mottakelege vertplantene (bulkemispel og pilemispel).

Kva kan du som privatperson gjere sjølv?

For å stoppe vidare spreiing av pærebrann oppfordrar vi alle til å fjerne lett mottakelege vertplanter som bulke- og pilemispel. Dette er den beste måten å hindre at pærebrann spreier seg videre.

Fjern misplane frå hagen ved å kappe plantene heilt ned. Planteavfall kan du legge på kompost eller flise opp og legge tilbake i bedet.

Det finns ingen lovlege kjemiske plantevernmiddel mot pærebrann, men du kan hindre gjenvekst av planta ved å bruke glyfosat på stubben. Glyfosat er eit plantevernmiddel og må behandlast deretter. Følg instruksjonane på emballasjen.

Fant du det du lette etter?

Kontaktinformasjon

Nils S. Melbø 916 68 440


Kontaktinformasjon

Nils S. Melbø 916 68 440